Kva skjedde med LSD i psykoterapien?

På 1950 og -60-talet blei LSD vurdert som ei effektiv behandling mot traumar og tvangsliding. Etter år med høglydt offentleg debatt, vart det derimot heilt slutt på behandlingsforma i Noreg i 1976.

Bildet kan inneholde: produkt, kontorrekvisita, materiell egenskap, håndverktøy, font.
Foto: Colourbox illustrasjonsfoto

Det var heller ikkje berre i Norge ein såg LSD forsvinne som behandlingsform i same periode. Først det siste tiåret har det igjen blitt ei aukande forskingsinteresse for terapeutisk bruk av psykedeliske preparat.

Ungdommelig protestkultur og inntoget av narkotika som nytingsmiddel, er gjerne brukt som medverkande forklaringar på kvifor LSD på få år gjekk frå å vera vurdert som ei lovande behandlingsform i psykiatrien, til å bli rekna som eit svært farleg narkotisk stoff. Dette skiftet er tema for tidsskriftartikkelen til Per Haave og Willy Pedersen, publisert i Social History of Medicine.  

– Teorien bak bruken av LSD var at opphavet til nevrosar låg i spenningar og traumeerfaringar i det underbevisste. Behandlinga skulle hjelpe pasientar til å hente fram undertrykte minne og samtidig spare pasienten for langvarig terapi, ettersom terapeuten antok at LSD opna døra mot det underbevisste meir effektivt, seier Haave som er forskar ved Avdeling for samfunnsmedisin og global helse ved Universitetet i Oslo.

Fleire norske institusjonar nytta i byrjinga behandlingsforma, men etter 1965 var det berre Modum Bad som heldt fram.

– Behandlingsforma var ikkje vurdert utan risiko.  Kvar behandling tok 8-12 timar med både psykiater og sjukepleier til stades. Det kravde også nøye monotorering av pasienten i etterkant av behandlinga, grunna frykta for forseinka reaksjonar, seier Haave.

Haight-Ashbury og fredsrevolusjonen

LSD-behandlinga begynte gradvis å få eit omdømeproblem. Ein yrande ungdomsbevegelse bidrog også med sitt til å snu den offentlege debatten og samfunnet sitt syn på narkotiske stoff.  LSD gjekk frå å vere brukt i medisin, til å bli eit symbol på fredsrevolusjon og fri kjærleik.

– Den nye ungdomskulturen som vaks fram i Norge henta Inspirasjon frå USA og hippiebevegelsen ved Haight-Ashbury i San Fransisco. Dette blei oppfatta som skremmande og provokativt av det etablerte norske samfunnet, fortel Haave.

– I den første delen av bevegelsen var det primært opposisjonelle  ressurssterke middelsklasseungdom som deltok. Etter kvart kom også meir ressurssvake ungdomar, utan fullført skulegang, til. Rusmisbrukaren var ikkje lengre eldre vaksne med det som blei vurdert som eit medisinsk problem. I aukande grad var det ungdom og unge vaksne som gjerne hadde opplevd omsorgssvikt, hadde psykososiale utfordringar og opposisjonelle verdiar, forklarar Haave.  

Vanskeleg å dokumentere effekt

I 1968 gjekk narkotiske stoff, som LSD, frå å bli regulert som del av legemiddellova, til å bli regulert av straffelova. Oppbevaring og bruk medførte frå dette tidspunktet fengselsstraff.

Sjølv om behandlinga ved Modum Bad lovleg heldt fram, blei det stadig vanskeligare å forsvare bruken av det kontroversielle stoffet. Mangel på klinisk bevist behandlingseffekt bidrog heller ikkje positivt.

Kva skjedde? Var LSD berre ei interessant, men mislykka behandlingsform som ikkje klarte å leve opp til sine terapeutiske forventningar?

– Haldningane til LSD som behandlingsform var alltid polarisert. Nokon avviste behandlingsforma tvert frå byrjinga, medan andre meinte det var ein mirakelkur, presiserer Haave.  

– Metodane som blei brukt for å teste nye legemiddel, som antibiotika, var heller ikkje mogleg med LSD ettersom dei fleste som fekk stoffet ville oppleve ein effekt. Sjølv om det var dei som meinte at behandlinga viste positive resultat, så vart konklusjonen til sjuande og sist at faren ved behandlinga overgjekk den potensielle effekten. Med eit allereie dårleg rykte og utan evidensbaserte behandlingsresultat, gjekk bruken av LSD av moten som behandlingsform i psykoterapien, konkluderer Haave.  

Referanse tidsskriftartikkel: Haave, Per & Pedersen, Willy (2020). The Promise and Demise of LSD Psychotherapy in Norway. Social history of medicine.

Denne saka er også publisert på forskning.no

Emneord: Medisinsk historie, Biomedikalisering Av Thea Cecilie Engelsen
Publisert 20. feb. 2020 12:54 - Sist endra 18. juni 2024 11:46