Anett Skorpen Tarberg

Hensikta med denne studien er å undersøke pårørande og helsepersepersonell sine erfaringar med brukarmedverknad og omsorg i det palliative forløpet

Foto: Privat

Bakgrunn for prosjektet

 Behandlingsoppgåver er overført frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta. Dette har ført til at primærhelsetenesta og pårørande har fått større ansvar for pasientar i palliativ fase.

Om prosjektet

Forsking har vist at pårørande og helsepersonell kan oppleve helsetenester ulikt. Difor vil det vere viktig å utvikle kunnskap frå begge perspektiva. Kunnskap om dette vil vere verdifull for å styrke brukarmedverknad og omsorg til pasient og pårørande.

Mål for prosjektet 

Prosjektet har tre delstudiar som undersøker pårørande, sjukepleiarar og legar sine erfaringar med brukarmedverknad og omsorg i det palliative forløpet. Desse måla er formulerte for dei tre studiane

  1. Å utvikle kunnskap om etterlatne sine erfaringar med omsorg og involvering i palliativ omsorg
  2. Å utvikle kunnskap om sjukepleiarar sine erfaringar med kva som er god omsorg i ulike fasar av det palliative førløpet
  3. Å utvikle kunnskap legar sine  erfaringar med brukarmedverknad i det palliative forløpet.

Prosjektets tittel

Pårørande og helsepersonell sine erfaringar med brukarmedverknad og omsorg i det palliative forløpet

Av Anett Skorpen Tarberg
Publisert 21. sep. 2018 00:00 - Sist endret 28. okt. 2020 11:26