Kjell Einar Barsnes

Sosiomaterialitet er eit omgrep som femnar om dei fleirtydige og samanvevde felta av menneske, ting, omgjevnadar og omstende. Rusoppfølging er tenester som kjem til uttrykk gjennom studien, der brukarar og tilsette får snakka om sine opplevingar, erfaringar og meiningar. Måla er å fortelja om medverknad og relasjonar med desse utgangspunkta.

Foto: privat

Prosjektets bakgrunn

Ph.d.-prosjektet er ein sjølvstendig del av forskingsprosjektet «Challenges of participation when service users’ autonomy is restricted in health and welfare services” (CHAPAR). Ein premiss er at det er naudsynt med meir kunnskap om korleis sosiomaterielle vilkår for deltaking er for menneske med rusutfordringar og samansette behov. NAV er ein stor og viktig institusjon der brukarmedverknad er sentralt, og fungerer difor som eit utgangspunkt i studien.

Kull 2020

Bakgrunn: 

Bachelor i samfunnsvitskaplege fag, deler av bachelorgrad i musikkteknologi og praktisk- pedagogisk utdanning (NTNU). Master i sosialantropologi (UiO).

Ph.d. institusjon: Høgskulen på Vestlandet

Veiledere:

  • Tone Jørgensen, førsteamanuensis (HVL), Lillian Bruland Selseng, førsteamanuensis (HVL)

  • Sissel Seim, førsteamanuensis emerita (OsloMet) og Tor Slettebø, professor (VID)

Om prosjektet

Prosjektet (2019-2023) nyttar kvalitative metodar for å svara på to forskingsspørsmål:

Korleis påverkar den sosiomaterielle strukturen i NAV brukarmedverknad for menneske med rusutfordringar?

Korleis påverkar den sosiomaterielle strukturen i NAV relasjonar mellom tilsette og brukarar?

Prosjektets mål

  • Å skapa kunnskap om styrkar og veikskapar ved deltakingspraksisar i helse- og velferdstenester
  • Analysera empiri og utvikla teori gjennom datamateriale frå to NAV-kontor
  • Fremja samarbeid og kommunikasjon gjennom artiklar og anna formidling

Prosjektets tittel

Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV.

Publisert 18. sep. 2020 00:00 - Sist endret 25. mai 2021 15:49