Rapport fra ei god reise

Utanlandsopphald under PhD-studiar kan gi fin inspirasjon, gi deg nye kontaktar og utfordre deg på andre ting enn kvardagen gjer. Det fekk i alle fall eg oppleve under 1 månads opphald i Melbourne, Australia.

Reisebrev fra NAFALM-student Frøydis Gullbrå

For eitt år sidan begynte eg å leike med tanken om ein visitt utanlands under PhD-studiane. Kva dette ville innebere, ante eg ingenting om. Men etter litt rekognosering om kva eg kunne ha behov for (trening i engelsk), – og kva som var mogleg ( kor fanst kontaktar og aktuelle forskarmiljø) – så enda eg opp med Melbourne i Australia som reisemål. Ein månad var det eg bestemte å bruke på dette. For ikkje å miste bakkekontakt, og for å vere litt uavhengig på fritida, valde eg å ha med familien på tur, dvs ektemann og son på 11. Dei eldste på vidaregande måtte klare seg heime. Reisa vart lagt til oktober, i periode då eg har full permisjon frå fastlegejobben.

Min kontaktperson, Lena Sanci ved Primary Care Research Unit, University of Melbourne, hadde lagt mykje til rette før eg kom. Kontorplass, nøklar  og alle aktuelle tilgongar var klar ved ankomst. Dei er opptatt av kvalitetssikring her, det fekk eg merke allereie første dag. Etter presentasjonsrunde på avdelinga, fekk eg utlevert “eksamen” i lokal HMS, der eg måtte markere på kart at eg visste om alle rømmingsvegar, toalett, brannsløkkingsapparat – og tavle med HMS-info mm. Trur eg bestod, for eg har ikkje fatt den igjen.

Kvardagane på forskingseininga består i at eg deltek på fellesmøter og aktivitetar for forskarar  og PhD-kandidatar, elles arbeider eg på mitt eige prosjekt.  Nokon dagar pratar eg lite med folk, møter dei mest i lunsj og på kjøkkenet der det er fri tilgang til kaffimaskin. Å vente på kaffien gir fin anledning til å slå av ein prat, enten det er om diabetes eller kenguruer. Kvar onsdag er det Research-meeting, 1 times møte for alle forskarane. Her la eg fram presentasjon frå mitt prosjekt tidleg under opphaldet. Det var lurt, for plutseleg var det mange som tok kontakt og ville diskutere temaet. Då visste dei kven eg var.  Fredagane er det “Shut up and write”-samlingar for PhD-studentar på ein kafé i nærområdet. Da møter alle med pc, vi får spandert  ein kaffi (det er forresten veldig god kaffi i Australia!). Så er det litt prat, før klokka blir sett i gong. 

Da er det 20 min intensiv skriving på eige prosjekt. Så kjem 5 min (!) pause med litt kaffi og prat igjen, før nye 20 min skriving. Faktisk bade effektiv og hyggeleg måte å arbeide på - med stoppeklokke!

Her i Melbourne er det forskarmiljø ( tilknytt COPMI) som er veldig gode på mitt forskingstema (Barn som pårørande). Dei held ikkje til på forskingseininga der eg er lokalisert, men eg fekk avtalt møte med dei via rettleiar i Norge, og hadde også presentasjon og diskusjon omkring tema i det møtet. Vi vil nok også halde kontakt etter dette.

Pa fritida har eg saman med  familien utforska Melbourne og området rundt – til fots, på sykkel, og via leigebil. Ein svipptur til Sydney fekk vi også tid til. Natur, kultur og dyreliv veldig ulikt det vi har heime i Norge. Fine opplevingar å gå vinteren i møte med.

No ventar siste veka – då skal eg vere med ein allmennpraktikar/PhD-student ein dag og sjå australsk allmennpraksis.  Elles skal eg vere med på møtene, og kjenne riktig etter kor heldig eg er som har fått opplevd dette. Ein månad var litt kort tid, men det var det eg klarte å få til no.

Mine suksess-faktorar for utanlandsopphald

  • gode kontaktar som legg til rette før ankomst
  • delta på det alt som kan vere aktuelt
  • ha med eige arbeid og vere innstilt på å bruke tid der når det ikkje skjer andre ting
  • ikkje store forventingar til oppvarting ( alle er travle)
  • ha nokre ting ein vil oppnå, og gå for det ( ein far ikkje til alt)
  • å ha familie med hindrar einsemd og gjer det kjekkare å utforske regionen på fritida
Emneord: Utenlandsopphold Av Frøydis Gullbrå
Publisert 27. okt. 2014 13:59 - Sist endret 12. okt. 2016 10:38