Julie Solberg Knutsen

Prosjektet har som mål å auke antal praksisplassar for medisinstudentar på fastlegekontorene samt styrke rettleiingskompetansen til praksisrettleiarane.

Bildet kan inneholde: person, panne, nese, smil, ansikt.

Om prosjektet:

Dette PhD-prosjektet er ein del av eit større utviklingsprosjekt støtta av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HKDir, tidlegare DIKU). Prosjektet har tittelen FRONESIS, og det overordna målet er å utdanne og rekruttere kompetente legar til fastlegeordninga i kommunane, i tråd med Samhandlingsreformen og Regjeringa sin nye Handlingsplan for allmennlegetjenesten (2020).

Prosjektets mål:

Målet med ph.D-prosjektet er å utvikle ny kunnskap om kva som må til for å auke antal praksisplassar og rettleiingskompetanse hos fastlegane, sett ifrå fastlegen sin ståstad. Denne kunnskapen skal brukast til å kunne utvikle ein intervensjon og deretter dele kunnskap om effekten av denne. 
 
 

Prosjektets bakgrunn:

Både volum av praksisplassar og kvalitet i praksis er under press. «Fastlegekrisa» er prega av for dårleg rekruttering til allmennpraksis og fråfall blant anna grunna for høgt arbeidstrykk for fastlegane. Fleire nordmenn står utan fastlege, ein situasjon som ikkje er haldbar med tanke på korleis helsetilbodet i Noreg skal vere. Rekruttering til allmennmedisin startar allereie på medisinstudiet, og praksisperioden er ein viktig tid for å bli kjend med og få gode inntrykk av fastlegen sin jobb. Derfor er kvaliteten av praksisen avgjerande og her under kvaliteten av rettleiinga. Alle som er praksisrettleiarar for studentar i høgare utdanning skal som hovudregel ha kompetanse i praksisrettleiing tilsvarande 10 studiepoeng, og det er eit mål i prosjektet å kome med forslag til korleis vi kan oppnå desse måla.  

Det blir fleire medisinstudentar på universiteta i Noreg. Grimstadutvalget, som på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet skulle kartleggje høvet for auka antal studieplassar i medisin samt å vurdere ulike modellar for eit studium i klinisk medisin, låg fram sin rapport i 2019 ein anbefaling om 440 fleire studieplassar på medisin i Noreg innan 2027. Når det gjelder praksis, anbefalte utvalet at kommunehelsetenesta blir nytta meir som praksisarena, og at det innførast nasjonale finansieringsordningar for praksisstudiar i primærhelsetenesta. Med dette som bakteppe er det opplagt at medisinutdanningane vil oppleve kapasitetsutfordringar, og vi må derfor setje i gong ein prosess for å finne ut korleis vi kan tilby nok praksisplassar i primærhelsetenesta som samstundes gir studentane praksisopplæring av høg kvalitet.

Tittel på prosjektet:

Praksisplassar for medisinstudentar på fastlegekontorene.
Fastelegens motivasjon og behov for å ta imot studentar i praksis og for å styrke sin kompetanse i praksisrettleiing.
Kull 2021

Fagleg bakgrunn:

Lege

Heimeuniversitet:

UiB

Rettleiarar:

Steinar Hunskår (hovudrettleiar) og Gunnar T. Bondevik (medrettleiar)

Publisert 22. nov. 2021 14:14 - Sist endret 2. jan. 2023 14:53