Akuttinnleggingar ved Hallingdal Sjukestugu (avsluttet)

Kan akuttinnleggingar ved eit lokalmedisinsk senter vera eit reailstisk alternativ til sjukehuset?

Hallingdal sjukestugu

Om prosjektet  

Prosjektet skal sjå nærare på akuttinnleggingane ved HSS ved å gjennomføre ein randomisert studie der pasientar som allmennlegar i Hallingdal ynskjer innlagt ved HSS  og som sekundærvakta på RS godkjenner for ei slik innlegging, vert randomiserte med halvparten til RS og halvparten til HSS. Desse to gruppene vert så fylgd i eitt år og samanlikna på morbiditet, økonomi og kvalitet.

Mål

Ein slik praksis med akuttinnleggingar på eit lågare nivå enn sjukehus, er uvanleg i Noreg. Erfaringane med prosjektet i Hallingdal kan vere interessante med omsyn til utforminga av norsk helsevesen, - om det er forsvarleg og ynskjeleg å leggja opp til ein større grad av differensiering av innleggingar på sjukehus. Dette vil særleg kunne tilleggjast vekt i høve til auken i talet på eldre i åra frametter og det presset dette vil føre med seg på sjukehusa.

Resultater

Bakgrunn

Ein hovudbodskap i Samhandlingsreforma er at helsevesenet har behov for lokalmedisinske sentra som kan gje eit tilbod før, i staden for og etter sjukehusbehandling.

Hallingdal sjukestugu (HSS) har lang erfaring med nettopp dette. HSS er drifta av Ringerike sjukehus (RS) som ligg 170 km unna. Somatisk avdeling har 14 sengeplassar og ei gjennomsnittleg liggetid på 6,4 døgn. Pasientane på denne avdelinga fordeler seg i omtrent tre like grupper, rehabilitering, etterbehandling etter sjukehus og observasjons-/akuttinnleggingar. HSS tek i dag i mot ca. 10 % av dei totale akuttinnleggingar til spesialisthelsetenesta av innbyggjarar i Hallingdalskommunane. Det er berre eit fåtal av desse pasientane som vert vidaresendt til sjukehuset, dei fleste vert altså ferdigbehandla ved HSS. Akuttinnleggingar ved HSS er ein godt innarbeida praksis, men den er dårleg dokumentert og den er ikkje forska på.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Sør-Øst og av bidrag frå Ringerike sykehus og Ål kommune

Samarbeid

Det er eit doktorgradsprosjekt ved UiO med kommuneoverlege Øystein Lappegard som forskar tilsett i halv stilling ved Vestre Viken HF og med prof. Per Hjortdahl ved Avdeling for allmennmedisin, UiO, som hovudveiledar.

Start - slutt

Publisert 9. juni 2011 13:52 - Sist endret 27. juli 2016 13:22

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere