Kva kjenneteiknar pleiepraksis i sjukeheim? (avsluttet)

Dette er eit doktorgradsprosjekt som rettar fokus mot korleis og i kva grad nye krav til kvalitet har nedfelt seg i pleiepraksis i sjukeheim.

Mål

Beskrive og utforske kva som kjenneteiknar pleiepraksis i sjukeheim.

Resultat

To artiklar er sendt inn til tidsskrift, den tredje er under utarbeiding

Bakgrunn

Klinisk praksis i sjukeheim er skapt over tid, vert gjerne tatt for gitt. Det er difor interessant å gjere kulturen til gjenstand for forsking og analyse. Ved å studere møtet mellom  tradisjonelle verdiar i pleiepraksis og samfunnet sine krav til kvalitet er føremålet å sjå i kva grad pleiepraksis er oppteken av dei nye krava eller om det er andre faktorar som er avgjerande for praksis.

Kvalitativ metode, med eit etnografisk design. Feltarbeid i to sjukeheimar, inkludert deltakande observasjon i to langtidsavdelingar, intervju og dokumentanalyse. 37 hjelpepleiarar og 8 sjukepleiarar deltek i studien.

Finansiering

Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Start - slutt

Våren 2008 - Hausten 2012

 

Publisert 30. aug. 2011 13:29 - Sist endret 11. feb. 2022 13:31

Kontakt

Hovedveileder:

  • Solveig Hauge

PhD-kandidat

  • Anne Marie Sandvoll

 

Deltakere

  • Solveig Hauge Universitetet i Oslo
  • Anne Marie Sandvoll, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Kjell Kristoffersen, Universitetet i Agder
Detaljert oversikt over deltakere