Høgtideleg jubileumsfeiring

27.november var årsdagen for allmennmedisin sitt 50 års jubileum som universitetsfag på UiO. Dette blei høgtideleg markert med seminar og festmiddag i Det Norske Videnskapsakademi.

Jørun Straand på podiet.

Jørund Straand, leiar av Avdeling for allmennmedisin, Institutt for helse og samfunn

Foto: Thea Cecilie Engelsen, UiO

–  Å få allmennmedisin inn som eige fag på legestudiet var viktig for rekrutteringa til allmennpraksis.  Før 1968 ønska nesten ingen unge medisinarar seg arbeid i primærhelsetenesta, seier Jørund Straand, leiar av Avdeling for allmennmedisin ved Institutt for helse og samfunn.

Straand fortalte engasjert om korleis ei primærhelseteneste i krise, med forgubbing og statusfall, utvikla seg til eit sjølvstendig medisinsk fag, i sitt innlegg «Avdeling for allmennmedisin: 50 år på 40 minutt».

Påtroppande studiedekan Elin O. Rosvold ved Det medisinske fakultet, UiO

–  Gjennomsnittsalderen til norske allmennlegar auka med eitt år per år frå 1955-1965. Tidsanda var rett i 1968 og det var tid for å sleppe grasrotmedisinen inn i akademia. I dag er allmennmedisin eit klinisk hovudfag i legeutdanninga og fastlegeordninga er sjølve grunnmuren i helsetenesta, seier Straand.

Nye utfordringar

Jubileumsfeiringa var også ei tid for å sjå framover på kva utfordringar primærhelsetenesta står framfor i dag og i åra som kjem.

Mette Brekke (UiO) og Steinar Hunskår (UiB)

Pensjonert professor Peter Croft, fortalte om korleis dei har bygd opp ei sterk forskingseining ved Keele University i England, og kva lærdommar ein kan ta med seg frå det arbeidet. Petter Brelin, leiar for Norsk foreining for Allmennmedisin, snakka om korleis organisasjonen og akademia kan spele kvarandre gode, mellom anna gjennom ein meir samla front og satsing på forsking. Og påtroppande studiedekan ved UiO, professor Elin O. Rosvold, og studiedekan professor Steinar Hunskår ved Universitet i Bergen, snakka om kva utfordringar allmennmedisin må handtere i åra som kjem, blant anna gjennom ei meir formalisert organisering av praksisordninga. 

–  Når det og i dag er tendensar til krise i fastlegeordninga, kan det vera nyttig å ta lærdom av grepa som blei tatt i 1968. Vi har i dag enorme forskjellar mellom spesialisthelsetenesta og allmennpraksis når det gjeld høve for å kombinere klinisk arbeid med forsking og/eller utdanning.  Å gi allmennlegar armslag for forsking og utdanning som del av sitt arbeid, slik som kollegane i helseføretaka, må derfor ha høg prioritet hos helsemyndigheitene framover, seier Straand.

Anna Stavdal, påtroppande leiar WONCA.
Anna Stavdal, påtroppande leiar WONCA.

På jubileumsprogrammet stod også Anna Stavdal, påtroppande leiar av WONCA (World Organization of Family Doctors); Professor Morten Lindbæk ved Antibiotikasenteret for primærmedisin (ASP) som òg er del av Avdelinga; Og Professor emeritus Dag Bruusgaard som snakka om «Den gang da og nå: 70/80-tallet vs. 2000-tallet».

 

 

Av Thea Cecilie Engelsen
Publisert 30. nov. 2018 14:56 - Sist endret 3. des. 2018 09:20