Overraska med postdok-finansiering

Ellen Gabrielsen Hjelle fekk uventa besøk frå Stiftelsen Dam og Noregs Parkinsonforbund. Med seg hadde dei midlar som skal finansiere Hjelle sin postdok knyt til EU-prosjektet OPTIM-PARK.

Bildet kan inneholde: begivenhet, samfunnet, gul, design, team.

Ellen Gabrielsen Hjelle, Hans Christian Lillehagen (Generalsekretær i Stiftelsen Dam), Magne Wang Fredriksen (Generalsekretær i Norges Parkinsonforbund) og Thyra Kirknes (Assisterende generalsekretær i Norges Parkinsonforbund)

OPTIM-PARK handlar om å optimalisere tilgang til nødvendige ressursar for personar og pårørande ramma av Parkinson. Prosjektet er lenka til satsinga CHARM ved UiO.

Hjelle sitt postdok-prosjekt «Pasientforløp for personer med Parkinson» skal blant anna kartlegge kva tenester som finnes og korleis roller og samarbeidsformer mellom privat og offentleg sektor blir praktisert i dag. Målet er å bidra til eit betre tilbod for personar med Parkinson og for pårørande.

Line Kildal og Ellen Hjelle smiler og viser fram sjekk og blomster fra Stiftelsen DAM
Line Kildal Bragstad og Ellen Gabrielsen Hjelle.

– Eg blei heilt satt ut. Eg hadde veldig lyst til å bli med i dette prosjektet og håpte jo at det blei noko av. Personar med Parkinson er ei gruppe som har mange utfordringar og er eit forskingsområde der det er mykje me kan gjera, seier Hjelle like etter ho blir gjort kjent med tildelinga.

Feira av kollegaene

Nyheita om postdok-finansieringa blei godt mottatt av kollegaene ved Avdeling for sykepleievitenskap ved Institutt for helse og samfunn.

– Dette var ei fantastisk nyheit for Ellen, for fagmiljøet vårt her ved avdeling, for CHARM og for meg som prosjektleiar av den norske delen av EU-prosjektet. Denne tildelinga vil gi oss anledning til å gjennomføre eit prosjekt som me trur vil vera eit viktig bidrag for å utvikle gode pasientforløp for personar med Parkinson, seier førsteamanuensis Line Kildal Bragstad.

OPTIM-PARK står for «Optimisation of community resources and systems of support to enhance the process of living with Parkinson’s Disease».

Midlar til fleire Helsam-miljø

Det var ikkje berre Hjelle og Avdeling for sjukepleievitskap som fekk uventa besøk av Stiftelsen DAM denne veka. Magdalena Skowronski var ferdig med Ph.d.-en sin i sommar og blei på lik linje med Hjelle gledelig overraske med postdok-midlar. Midlane skal gå til prosjektet «Nære relasjoners betydning for hjemmedød» i regi av Kreftforeininga og Universitetet i Oslo (UiO). Rettleiar Lisbeth Thoresen fekk dele den gode nyheita via Skype. Astrid Klopstad Wahl og Marie Hamilton Larsen fekk via Norsk Epilepsiforbund midlar frå DAM til ei stipendiatstilling. Prosjektet handlar om Foreldres helsekompetanse ved epilepsi. Les meir om tildelingane til helsevitskap på Facebook. I tillegg har Avdeling for samfunnsmedisin og global helse fått innvilga postdok finansiering for Invild Bergom Lunde, og Anne Kari Tolo Heggestad ved Senter for medisinsk etikk har fått midlar til ei stipendiatstilling i prosjektet Etikk i kommunale hjemmetjenester. 

– Dette er ei kvalitativ, etnografisk studie kor me vil sjå nærare på kva etiske problemstillingar tilsette i kommunale heimebaserte tenester opplever, korleis dei handterer desse problemstillingane, samt kva pasientar og pårørande opplever som utfordrande når dei mottar helse- og omsorgstenester i heimen, forklarer Heggestad.

NB! Er nokre av Helsam sine miljø utelatt frå denne oversikta, ta kontakt med nettredaktør nettredaktor@helsam.uio.no.

Emneord: Parkinson's disease, CHARM, Pasientforløp Av Thea Cecilie Engelsen
Publisert 16. okt. 2019 13:10 - Sist endret 26. feb. 2021 10:42