Stabile søkjartal til masterprogram innan helsefag

I alt 1976 personar har for 2021 søkt om opptak ved eit av dei fem masterprogramma ved Institutt for helse og samfunn. 180 studieplassar skal no fyllast. 

Foto: Colourbox illustrasjonsfoto

Medan det internasjonale opptaket hadde søknadsfrist i desember, var fristen for EU-borgarar og Sveits 1. mars og 15. april for dei som bur i Noreg.

Den største auken i talet søkjarar finn ein til studiet Master i tverrfaglig helseforsking. Programmet, har i 2021 i alt 190 søkjarar til 45 studieplassar – ein oppgang frå 107 i 2018, 126 i 2019 og 147 søkjarar i 2020. 

Det engelskspråklege masterprogrammet International Community Health ser også ein liten auke i talet søkjarar frå 2020 – frå 553 til 556 i 2021. Det same gjer den erfaringsbaserte masteren i helseleiing som aukar frå 122 til 136 søkjarar.

Nedgang i to program

Både Helsams masterprogram innan helseøkonomi – Health Economics, Policy and Mangement (HEPMA) og European Master in Health Economics and Management (EUHEM) – ser ein liten nedgang i talet søkjarar totalt sett.

Medan HEPMA har hatt ein nedgang  på i alt 16 søkjarar frå 2020 – frå 743 til 727 i 2021, er nedgangen for EUHEM på 166 søkjarar – frå 533 til 367. Det er særskilt det internasjonale opptaket som for EUHEM trekkjer ned.

– I år deler ikkje EUHEM ut Mundus stipend, eit svært gunstig EU-stipend. Stipendordninga er attraktiv og genererer særskilt mange søkjarar frå land utanfor EU. EUHEM vil søkje om fornying av ordninga frå 2022, forklarar instituttleiar Terje P. Hagen.

 

Publisert 30. apr. 2021 08:51 - Sist endret 30. apr. 2021 08:51