Sammendrag av Solveig Hauges avhandling

 

DOKTORAND: Solveig Hauge
GRAD: Dr. polit.
FAKULTET: Det medisinske fakultet
INSTITUTT: Institutt for sykepleievitenskap og helsefag
VEILEDERE: Kristin Heggen, Marit Kirkevold
DISPUTASDATO: 22. oktober 2004

SAMMENDRAG AV AVHANDLINGEN:

"Jo mere vi er sammen jo gladere vi blir? - ein feltmetodisk studie av sjukeheimen som heim"

Bakgrunnen for avhandlinga er den klårt uttalte fagpolitiske viljen om å gjere sjukeheimen meir heimleg. Formålet med avhandlinga er å avdekke korleis ideen om sjukeheimen som heim er realisert.

Analysen fokuserer for det første på korleis fellesromma i avdelingane er organisert og brukt. Med utgangspunkt i skilje mellom offentleg og privat, viser avhandlinga korleis både ytre symbol og bruk av fellesromma er prega av doble og delvis motstridande forventningar. Grensene mellom det private og det offentlege er tvitydige for alle aktørane, både for bebuarane, pårørande og dei tilsette.

For det andre vert det sosiale fellesskapet i langtidsavdelinga undersøkt grundig. Analysen indikerer at det sosiale fellesskapet i fellesromma er skjør og bryt saman når personalet ikkje er til stades. Kommunikativ kollaps er eit hovudbegrep som beskriv vesentlege trekk ved fellesskapet mellom bebuarane. Materialet viser også ei tydeleg søking etter kontakt med personalet. Avhandlinga dokumenterer at dei bebuarane som kan forflytte seg sjølv ”flyktar” frå daglegstova så fort personalet forlet rommet. Dei unndrar seg fellesskapet med medbebuarane og styrkar sin eigen muligheit til privatliv. Dei immobile vert derimot sitjande att i eit påtvunge fellesskap med personar dei ikkje har noko felles med, samstundes som daglegstovas tvitydige karakter ikkje innbyr til å utvikle private og nære relasjonar.

Avslutningsvis viser avhandlinga at fellesskap ikkje er eit gode for ein kvar pris. Det har sine skuggesider, men og sine muligheiter. Den store muligheita ligg i klårt definerte former for sosialt liv med tydeleg skilje mellom det private og det offentlege. Her er personalet si forståing og bruk av ulike arenaer som primært offentlege, eller som primært private, ein føresetnad. Dersom ideen om sjukeheimen som heim skal realiserast er det ei løysing å tydeleggjere fellesromma som offentleg arena samstundes som bebuarane må gjevast høve til å utvikle ei privat livsform utanom fellesromma.

Publisert 23. juli 2008 14:15 - Sist endret 26. okt. 2011 09:47