Sammendrag av Anne Moens avhandling

 

Doktorand: Anne Moen
Grad: Dr. polit.
Fakultet: Det samfunnsvitenskapelig fakultet
Institutt: Institutt for sykepleievitenskap
Veiledere: Eli Haugen Bunch, Universitetet i Oslo og Suzanne Bakken, University of California
Disputasdato: 8. juni 2002

Samandrag av avhandlinga: Nursing Leadership when an Electronic Patient Record System is Introduced in Norwegian Hospitals

Tema i denne avhandlinga er ledelse og endring i sjukepleietjenesten ved innføring av elektroniske pasientjournalar (EPJ) i sjukehus. Hensikten var å følge innføring av EPJ i sjukehus over tid for å undersøke korleis sjukepleieleiarar arbeider med utvikling og innføring av EPJ i sjukepleietjenesten. Relevant litteratur om EPJ, karakteristika ved sjukehusorganisasjon, sjukepleietjenesten og sjukepleieledelse viser at EPJ vil bli eit viktig redskap i sjukepleietjenesten m.a. fordi mykje av informasjonshåndteringa EPJ støttar koordinerast av sjukepleiere.

Avhandlinga inneheld funn frå intervju med sjukepleieleiarar, observasjon av aktivitetar for å førebu EPJ innføring og spørjeskjema til involverte EPJ-brukerar. Sykepleieleiarar intervjua i studien var generelt positive til EPJ i sjukehus. Det var imidlertid ikkje opplagt at sjukepleietjenesten skulle delta i utvikling og innføring av EPJ fordi legar og sekretærar var ansett som dei største brukergruppene av EPJ. Etterkvart inkluderast sjukepleietjenesten, og det utkrystalliserast ei arbeidsdeling mellom sjukepleieleiarar på ulike styringsnivå. Nokre var spesielt opptatt av å sikre at sjukepleietjenestens behov vart inkludert i utviklinga av EPJ, mens andre fokuserte på å organisere framtidig innføring av EPJ.

Arbeidet med å forbetre sjukepleiedokumentasjonen vart det viktigaste EPJ-relaterte innsatsområdet for sjukepleieleiarane intervjua i denne studien. Denne innsatsen førte til meir forståelse og kunnskap om kva utvikling og innføring av EPJ kan innebære for sjukepleietjenesten. Samtidig bidrog fokusering på EPJs potensiale til å kvalitetsforbedre eller forenkle tidkrevande oppgåver til meir forståelse for kva innføring av av IKT kan bidra til i helsetjenesten.

Anne Moen er fødd i Kviteseid, Telemark, 1961. Ho er Kandidat i sjukepleievitskap frå Universitetet i Oslo, 1996. Arbeidet med avhandlinga er dels utført ved Institutt for sykepleievitenskap, Universitetet i Oslo og dels ved University of California, San Francisco, School of Nursing.

Publisert 23. juli 2008 14:15 - Sist endret 9. sep. 2011 14:07