Disputas: Arnfinn Helleve

cand.polit. Arnfinn Helleve ved Institutt for medisinske basalfag vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Agents of change or reproducers of culture? A study of teachers' influence and role in school-based HIV prevention in South African and Tanzanian schools

Bedømmelseskomité

PhD, Head of Programme Daniel Wight, MRC Social and Pubic Health, Sciences Unit, Glasgow
Førsteamanuensis Elisabeth Faxelid, Karolinska Institutet, Stockholm
Professor Torbjørn Moum, Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo

Leder av disputas:  Professor Johanne Sundby, Universitetet i Oslo

Sammendrag

Ein av grunnane til at skulebaserte intervensjonar for å førebyggje HIV-smitte blant ungdom har hatt avgrensa effekt, kan ha samanheng med lærarane som gjennomfører desse programma.

I avhandlinga Agents of change or reproducers of culture? A study of teacher’s influence and role in school-based HIV prevention in South African and Tanzanian schools syner sosiolog og forskar Arnfinn Helleve korleis lærarar sine haldningar og praksis kan påverka gjennomføringa og effekten av skulebaserte HIV/AIDS førebyggjande program i det sørlege Afrika.

Studien baserer seg på 28 kvalitative intervju og kvantitative spørjeundersøkingar blant 267 lærarar og 3515 elevar i Tanzania og Sør-Afrika. Sjølv om lærarar gjev uttrykk for at dei er trygge på seg sjølv i forhold til å undervise om HIV/AIDS, har dei samstundes ulike forståingar av kvifor dei underviser i temaet. Lærarar kan oppleve at seksualundervisning skil seg ut frå anna undervisning, m.a. ved at dei opplever samhandlinga med elevane som annleis enn i andre fag. Funn frå studien peikar også i retning av at program lettare kan nå elevane dersom dei opplever at læraren som underviser syner omsorg og omtanke for deira ve og vel.

Studien konkluderer med kor viktig det er at HIV/AIDS undervisning er forankra og integrert i ei meir generell seksualundervisning. Samstundes syner Helleve korleis ein ikkje utan vidare kan forvente at lærarane gjennomfører eit undervisningsopplegg slik ein ynskjer det. Han stiller spørsmål om det er nødvendig å stille krav til opplæringa og eigenskapar blant lærarar som skal undervise i denne tematikken.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Marianne Baksjøberg.

Publisert 9. des. 2010 09:49 - Sist endret 9. des. 2010 09:53