English version of this page

Ernæringsepidemiologi

Me forskar på samanhengen mellom kosthald og ulike sjukdommar, særleg kreft og skrøpelegdom.

Bildet kan inneholde: rektangel, font, kontorrekvisita, linje, skriveredskap.

Ilustrasjon: Carina Knudsen

Me arbeider i store epidemiologiske og i kliniske studiar for å auka kunnskapen om korleis ulike komponentar av kosten kan påverka risikoen og prognosen for ulike sjukdommar, blant anna ulike former for kreft, tarmsjukdommar, diabetes og aldersrelaterte helseutfall (skrøpelegdom).

For å kunna rekna ut inntaket av matvarer og næringsstoff til enkeltpersonar og grupper trengst det omfattande databasar og program. Ernæringsepidemiologigruppa har hovudansvaret for dette arbeidet ved Avdeling for Ernæringsvitskap.

Over mange år har me utvikla et omfattande berekningssystem, med matvaredatabasar frå slutten av 1970-tallet og fram til i dag. Berekningssystemet gir oss analysar av kosthaldet på individ- og gruppe-nivå, frå mange ulike typar studiar, inkludert dei nasjonale studiane av kosthald som Norkost, Ungkost, Småbarnskost og Spedkost.

Me har også utstrakt samarbeid med andre forskingsinstitusjonar i Noreg om måling av kosthald i ulike populasjonar.

Les meir på dei engelske sidene til forskargruppa for ernæringsepidemiologi.

Emneord: Ernæring, Ernæringsepidemiologi, Kreft, Kreftforskning, Kreftepidemiologi, Epidemiologi, Metode, Kostholdsforskning, Kostholdsmetodikk
Publisert 14. sep. 2012 14:19 - Sist endret 25. apr. 2024 16:48

Kontakt

Avd. for ernæringsvitenskap
Domus Medica
Gaustad
Sognsvannsveien 9
0372 Oslo
 

Gruppeleder

Anette Hjartåker

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere

Prosjekter