English version of this page

Å ta farvel med et nyfødt barn

Dei siste åra har førekomsten av dødfødslar stadig gått ned. Dødfødslar har gått frå å vere eit ikkje-tema, til ei legitim årsak til sorgreaksjonar, men held fram med å vere ei stor utfordring for dei som skal handtere ein slik situasjon.

Det aukande innslaget av fødande frå religiøse og etniske minoritetsgrupper, der dødfødslar framleis kan vere eit tabuisert tema, gjer situasjonen ytterlegare kompleks.

Dette prosjektet vil gi ny innsikt i utfordringar knytta til dødfødslar, og det som verkar inn på ein sorgbearbeidingsprosess. Betydninga av eit markert farvel, i form av ein valgt seremoni, gravferd eller minnestund, vil bli spesielt undersøkt.

Innsamlinga av materiale frå 27 dødfødslar er fullført og materialet er under bearbeiding. Artiklar er planlagt om rolla til jordmødrer, fastlegar og sjukehuslegar, sjukehusprestar og terapeutar i forhold til sorga etter dødfødslar.

Finansiering

  • Akershus universitetssykehus
Publisert 28. juni 2023 14:36 - Sist endret 5. okt. 2023 14:30

Kontakt

Prosjektleder