Det aukande innslaget av fødande frå religiøse og etniske minoritetsgrupper, der dødfødslar framleis kan vere eit tabuisert tema, gjer situasjonen ytterlegare kompleks.
Dette prosjektet vil gi ny innsikt i utfordringar knytta til dødfødslar, og det som verkar inn på ein sorgbearbeidingsprosess. Betydninga av eit markert farvel, i form av ein valgt seremoni, gravferd eller minnestund, vil bli spesielt undersøkt.
Innsamlinga av materiale frå 27 dødfødslar er fullført og materialet er under bearbeiding. Artiklar er planlagt om rolla til jordmødrer, fastlegar og sjukehuslegar, sjukehusprestar og terapeutar i forhold til sorga etter dødfødslar.
Finansiering
- Akershus universitetssykehus