Då eit sjølvmord kom på alle framsider

Omtalen av Ari Behns sjølvmord var massiv. Enkelte meiner at han også var glorifiserande. Kan det vi såg ved årsskiftet gje oss ein peikepinn om kvar vi er på veg?

Bildet kan inneholde: blomsterarrangement, blomsterhandel, blomsterdesign, blomst, begivenhet.

Maud Angelica, Ari Behns eldste dotter, fekk mykje ros for talen ho heldt under faren si gravferd. Her uttrykte ho mellom anna at faren hadde hatt det tungt, men at sjølvmord likevel aldri er ei god løysing og at det er mogleg å få hjelp. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB

Då Ari Behn døydde 25. desember 2019, var familien med det same opne om at han hadde tatt sitt eige liv. Behn var prinsesse Märtha Louise sin eks-mann og far til deira tre born.

Ifølgje Lars Mehlum, professor i suicidologi og senterleiar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), var Behn meir allment kjend for nordmenn enn andre kjende personar som har tatt livet sitt her til lands. Dette medverka til at dekninga vart massiv, og at mange fekk det med seg.

- Når ein person i eit lokalsamfunn tar livet sitt, bruker vi normalt å tilrå å dempe personfokuset. Med Ari Behn var ikkje det så lett. Dette var ein person som veldig mange følte at dei hadde eit forhold til, seier Mehlum.

Frå «ikkje omtal» til «ver varsam»

Hundrevis heidra Behn med å gå i fakkeltog. Delar av kjendis-Noreg møtte i gravferda. Medieoppslaga var mange, og både NRK og TV2 sende gravferda direkte.

Dødsfallet skjedde også i ei tid der det blir snakka stadig meir om sjølvmord i media. Då tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtlands yngste son tok livet sitt i 1992, var det berre éi avis og éin nærradio som omtalte saka like etterpå, ifølgje Dagbladet. På den tida var formuleringa om sjølvmord i Ver varsam-plakaten slik: «Sjølvmord og sjølvmordsforsøk skal som hovudregel ikkje omtalast».

I 2006 vart punktet endra til: «Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtale som ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vere med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.»

Dette punktet står framleis (punkt 4.9). Månaden før Behns død kom Norsk Redaktørforening også med ein ny vegleiar for omtale av sjølvmord i media.

Slutta med tåkelegging

- Dei siste åra har vi snakka om sjølvmord på ein annan måte enn før. I dag er det ei heilt anna forståing for at openheit nesten alltid er rett veg å gå, seier Reidun Kjelling Nybø, assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

Ho har følgt feltet i lang tid og vore ei drivkraft bak dei norske vegleiarane om sjølvmordsomtale. Den første vart laga etter endringa av punkt 4.9 i 2006, for så å bli revidert fleire gonger. I 2019 kom det ein ny (sjå faktaboks). Den nye vegleiaren skulle bidra til meir openheit, men samtidig varsemd.

Store medieaktørar som NRK og TV2 hadde då signalisert at dei ønska å vere meir opne. TV2 hadde i 2018 laga eigne interne retningslinjer, der dei mellom anna sette strek over omgrep som «personleg tragedie» og «det skal ikkje ha skjedd noko kriminelt». I staden skulle dei skrive «sjølvmord» eller «tok sitt eige liv», ifølgje Medier24.

PFU har opna opp

Pressens faglege utval (PFU), som vurderer om norsk presse har følgt god presseskikk, hadde også late saker passere som tidlegare truleg ville ha blitt felt, ifølgje Nybø.

Dette gjaldt særleg ein episode av «Åsted Norge» på TV2, der eit sjølvmordsforsøk vart skildra på ein langt meir open måte enn det som har vore vanleg. Programmet vart klaga inn til PFU i 2018.

- Ein av representantane frå ålmenta stemte imot frifinninga, men fleirtalet meinte at TV2 ikkje hadde brote god presseskikk, fortel Nybø.

Heltedyrking

Då Ari Behn tok livet sitt, var det altså i ei anna medierøynd enn berre få år tidlegare. I tillegg hadde sosiale media kome for fullt.

- Det er ikkje noko gale i å skrive vakkert om nokon som er død. Men det vart mykje. På Facebook var det til dømes mange som hylla Behn, og mitt inntrykk var at det vart mykje heltedyrking, seier Nybø.

Ho meiner at omtalen i redaktørstyrte media var prega av openheit og respekt for dei etterlatne. Media unngjekk detaljar om sjølvmordet, og ofte opplyste dei om kvar ein kan søkje hjelp. Nybø registrerte ikkje nokon direkte overtramp. Ingen saker vart heller klaga inn til PFU. Men:

- Det var ein massiv omtale i alle norske mediehus, og ei slik samla dekning er ikkje noko som kan klagast inn.

- Få snakka om kva han sleit med

Bloggaren Liv Christine Hoem var blant dei som reagerte. I eit innlegg i Dagsavisen stilte ho spørsmål ved om media og offentlegheita hadde vore varsame nok. Ho frykta at all den positive omtalen av Ari Behn kunne føre til at fleire vurderte å ta sitt eige liv.

- Eg meiner at hyllesten og den positive omtalen vart for glorifisert og romantisert. Det vart i liten grad snakka om kva han sleit med. Dette kom først opp i Maud Angelica sin tale i gravferda, seier Hoem.

Sjølv kjende ho sju personar som tok livet sitt i halvåret som følgde, den eine var ein nær venn. I halvåret før kjende ho ingen, fortel ho.

Pågang hos hjelpetelefonane

Det finst førebels ikkje sjølvmordsstatistikk for denne perioden. Men hjelpetelefonane til Kirkens SOS og Mental Helse melde i desember og januar om ein markant auke i telefonar frå folk som ville snakke om sjølvmord. Dette vart rapportert av fleire media og også av nyheitsbyrået NTB.  

Hoem, som sjølv fleire gonger har vore nært ved å ta sitt eige liv, påpeikar at det er vanskeleg å tenkje rasjonelt når ein er i ein slik situasjon.  

- Kanskje var det nokon som håpte på at dei sjølv ville få den same hyllesten som Behn viss dei døydde. Eller kanskje var det folk som følte at dei kom enda meir i skuggen fordi Ari Behn fekk alt fokus.

Ho er likevel positiv til openheit.

- Kongehuset si openheit, og også Maud Angelica sin tale, ga eit langt meir nyansert bilete av dødsfallet enn den generelle mediedekninga før gravferda. Eg trur at mange opplevde det enklare å snakke om sjølvmordstankar på grunn av dette.

Fire viktige stemmer

Maud Angelica, Behns eldste dotter, vart i februar tildelt Akuttpsykiatriprisen 2020 for openheita om psykiske lidingar og sjølvmord. Dette vart mellom anna grunngjeve med at ho midt i sorga valde å dele og rette blikket mot andre. I talen i gravferda uttrykte ho mellom anna at faren hadde hatt det tungt, men at sjølvmord likevel aldri er ei god løysing.

Reidun Kjelling Nybø var blant dei som gjekk ut og roste talen. Ho løftar også fram andre som kom med viktige bodskapar: Biskop Kari Veiteberg snakka om lyset og mørket og sa at «utfordringa til oss som sørgande er å halde håpet oppe og å vere saman i kampen mot alt som trugar livet.» Espen Bjørshol (Behns bror) sa at det å ta livet sitt ikkje må «forherliges», medan Vidar Kvalshaug (kjenning) skreiv innlegg på nettstaden bok365.no med orda «Du valgte å ende livet ditt i går. Det er faen ikke mye romantisk over det.»

- Alle desse fire var viktige stemmer som medverka til at den offentlege samtalen vart langt meir nyansert, både i sosiale og redaktørstyrte media, meiner Nybø.

- Nytta ikkje sjansen

Fredrik Walby, forskar og psykologspesialist ved NSSF, trekkjer også fram Maud Angelica. Men han kunne ønska seg at meir av den offentlege samtalen rundt Behns dødsfall hadde handla om korleis ein kan få det betre.

- Openheita må ha ei hensikt. Det er ikkje berre å snakke om sjølvmordsproblem og så blir dei borte. For mange handlar dette om djupare ting enn det som lar seg løyse med ein enkel støttesamtale, meiner han.

Han er «ikkje voldsamt kritisk» til pressedekninga, men deler Nybø si oppfatning av at eksponeringa vart enorm.

- Likevel nytta ein ikkje sjansen til å gå meir i djupna på sjølvmordsproblematikken. Ein kunne belyst problemet og dei vanlegaste årsakene. Ein kunne også løfta fram folk som har fått hjelp og kome seg ut av kriser.

Ønskjer ingen tradisjon

Senterleiar Lars Mehlum ved NSSF påpeikar at når personar med så høg offentleg profil tar livet sitt, er det ei historisk hending.

- Det påverkar landet, kongehuset, media, vår historie. Det er viktig at media fyller si rolle, meiner han.

Likevel håper han at dekninga blir mindre massiv viss andre kjende personar tar livet sitt i framtida.

- Såpass intense hendingar, som rører ved offentlege personar av denne typen, har en tendens til å flytte grenser. I Noreg har vi ikkje hatt tradisjon for å skrive om sjølvmord på ein sensasjonsprega måte, og eg håper at dette ikkje blir ein tradisjon framover.

Han ønskjer, som Walby, heller at dekninga kan handle om kvifor sjølvmord skjer og kva ein kan gjere for å finne løysingar.

Ein ny etikk?

Den siste tida har Reidun Kjelling Nybø merka ein tendens blant redaktørar: ei vedkjenning av eit ansvar for det felles medietrykket når dette blir stort, og ein vilje til å dempe eiga dekning når det samla trykket går hardt ut over enkeltpersonar som omtalast.

Ho håper at redaktørar vil tenkje i liknande baner når det gjeld sjølvmord blant kjende personar.

- Under Ari Behns dødsfall vart mange av sakene på eit tidspunkt svært like. I sum var det ein risiko for at dei kunne ha ein glorifiserande effekt, meiner ho.

Mektige våpen

Nybø understrekar at mange journalistar opplever sjølvmord som eit vanskeleg tema. Ho har argumentert for ei endring av punkt 4.9 i Ver varsam-plakaten, fordi ho meiner at punktet slik det står i dag, kan medverke til at journalistar og redaktørar unngår temaet.

Ho ønskjer altså at den auka openheita skal halde fram. Men: 

- Når ein svært profilert person tar livet sitt, og sosiale media sym over av innlegg som hyllar vedkomande, treng ein ikkje lage redaksjonelle saker på alle desse innlegga, meiner ho. 

Denne debatten bør skje medan dekninga føregår, ikkje berre etterpå, ifølgje Nybø.

- Sjølv om den enkelte redaktør berre har ansvar for det det enkelte mediet publiserer, så bør ein sjå dette i ein større samanheng. Som det står i Ver varsam-plakaten: «Ord og bilete er mektige våpen». Det må vi aldri gløyme.


FAKTABOKS: Ti råd om sjølvmordsomtale

I 2019 kom Norsk redaktørforening med ein vegleiar for omtale av sjølvmord. Her blir det gitt ti råd:

  1. Vær åpen

  2. Unngå omskrivinger

  3. Vær bevisst på detaljbruken

  4. Vis hensyn overfor de etterlatte

  5. Vær på vakt mot glorifisering når kjente personer tar sitt liv

  6. Avklar rollen din

  7. Ta med informasjon om hvor man kan søke hjelp

  8. Bidra til å avkrefte mytene

  9. Våg å gå nye veier

  10. Fortell om de etiske valgene underveis


Werther-effekten

Werther-effekten er teorien om at éin person sitt sjølvmord kan medføre fleire sjølvmord, ofte utført på liknande måte. Namnet er basert på ei rapportert sjølvmordsbølgje blant unge menn i Tyskland og Europa etter at Johann Wolfgang von Goethe i 1774 publiserte historia «The sorrows of young Werther», der hovudpersonen endar med å ta livet sitt.

Effekten er godt dokumentert. I ein samlestudie frå 2020 gjekk forskarar gjennom 31 studiar, og dei fann ein auke i sjølvmordsrisiko på 13 prosent i etterkant av mediesaker om at ein kjent person hadde tatt livet sitt. Der metode var nemnt, var det ein 30 prosent auke i sjølvmord utført med same metode.

Kjelde:

Thomas Niederkrotenthaler et al: Association between suicide reporting in the media and suicide: systematic review and meta-analysis (2020), Wikipedia

Av Silje Pileberg
Publisert 5. nov. 2020 10:29 - Sist endret 22. nov. 2020 18:08