Når ord kan drepe eller redde

Nye studiar er i ferd med å gje oss betre innsikt i korleis ulike bodskapar påverkar menneske sine sjølvmordstankar.

Bildet kan inneholde: produkt, elektronisk apparat, teknologi, visningsenhet, bærbar datamaskindel.

Å unngå omtale av sjølvmordsmetodar er eit velkjent journalistisk råd. I Noreg er det nedfelt i pressa sin Ver varsam-plakat. Årsaka er den veldokumenterte Werther-effekten: at éin person sitt sjølvmord kan medføre fleire sjølvmord, ofte utført på liknande måte.

Men er det alltid slik at metode ikkje skal nemnast? Og kva veit vi eigentleg om korleis bodskapar i media treff oss og kva følgjer dei kan få?

Feltet er komplekst. Men bit for bit nærmar vi oss eit betre bilete av orda, og forteljingane, sine effektar.

Papageno-effekten

Då Thomas Niederkrotenthaler jobba med doktorgraden sin, undersøkte han samanhengen mellom medieoppslag om sjølvmord og faktiske sjølvmord i Austerrike i 2005. Han og kollegaene såg for det første at Werther-effekten, ifølgje deira data, var reell.

Men dei såg også noko anna: Ei lita gruppe mediesaker – 6 prosent av dei rundt 500 sakene som forskarane analyserte – handla om personar som hadde klart å handtere ei sjølvmordskrise og kome seg ut av det. I etterkant av denne typen saker, såg forskarane at tala på sjølvmord gjekk ned (Niederkrotenthaler m. fl., 2010).

Studien vart opphav til det som Niederkrotenthaler har kalla Papageno-effekten. Namnet kjem frå Papageno, fuglefangar i operaen Tryllefløyten. I operaens andre akt planlegger han å ta sitt eige liv, men tre gutar hindrar han frå det i siste augneblink.

Smitten går begge vegar

– Vi spurte oss: Kanskje er ikkje dette berre teknikalitetar, kanskje er vi verkeleg inne på noko her, seier Niederkrotenthaler, som i dag leiar avdelinga for sjølvmordsforsking ved Wiens medisinske universitet.

Bildet kan inneholde: klær, briller, øre, leppe, kinn.
Thomas Niederkrotenthaler leiar avdelinga for sjølvmordsforsking ved Wiens medisinske universitet.

Dei begynte å gjere eksperiment der dei presenterte mediesaker for studiedeltakarar. I starten deltok kun personar med lav sjølvmordsrisiko. Etter kvart deltok også risikogrupper. Papageno-effekten, altså ein reduksjon av talet på sjølvmord etter eksponeringa, var der heile tida.

– Vi har lenge snakka om ein smitteeffekt. Men det er ikkje berre historier om sjølvmord som smittar. Også historier om meistring, og det å klare seg i livet, kan smitte.

Særleg menneske i risikogruppa opplever auka tru på eiga meistring etter denne typen saker, forklarer han. Men Papageno-effekten gjeld også dei som i utgangspunktet ikkje tenkjer på sjølvmord. Ei mogleg forklaring er ifølgje Niederkrotenthaler at dei føler seg betre rusta i fall dei kjem i ein slik situasjon seinare.

Fiktive Hannah

Netflix-serien «13 reasons why» handlar om 17-åringen Hannah Baker som tar sitt eige liv. Ho legg igjen lydfiler der ho fortel korleis ulike personar har medverka både til livet og dødsfallet hennar.

– I serien kan ein få inntrykk av at sjølvmord er den einaste løysinga Hannah Baker kan velje. Det verkar nyttelaust å søkje hjelp, seier Niederkrotenthaler.

Serien var mest populær i april, mai og juni 2017. I denne perioden auka talet på sjølvmord blant unge i USA, ifølgje fleire studiar, mellom anna av Niederkrotenthaler og kollegaer (2019). Også i Trondheim og Lillehammer gjekk talet på sjølvmord opp i denne perioden, og  Trondheim kommune sette det i samanheng med serien (Mattson 2019). Dette vart likevel ikkje slått fast i studiar.

Unge jenter som Hannah

At Hannah Baker var ein fiktiv person, såg altså ikkje ut til å hindre ein smitteeffekt. Det stemmer overeins med studiar innan andre felt der ein har samanlikna oppdikta og sanne narrativar sine effektar på lesarar, utan å finne skilnader på dette (t.d. Green og Brock 2000, Slater 2002).

Men Niederkrotenthaler sine funn rører også ved eit anna interessant fenomen. For det første vart auken i sjølvmord kun registrert i aldersgruppa 10-19 år, og ikkje blant dei mellom 20 og 29 eller 30 pluss. For det andre var auken definitivt størst blant jenter: 21,7 prosent fleire jenter enn vanleg tok livet sitt, medan auken blant gutar var på 12,4 prosent.

Identifikasjon kan altså sjå ut til å ha mykje å seie. Dette har Niederkrotenthaler sett også i andre studiar, samt i ein pågåande: Her har studiedeltakarar fått lese ein avisartikkel om ein deprimert person i djup krise, som får hjelp av venner og profesjonelle til å kome på beina igjen.

– Denne artikkelen ser ut til å redusere folks sjølvmordstankar, men kun blant den halvparten av deltakarane som er deprimerte.

Psykologiske mekanismar

Kva underliggande psykologiske mekanismar er det så som er i sving? Her er det mykje forskarar ikkje veit. Sosial identifikasjon ser ut til å vere éin mekanisme, som kan forsterke både Werther-effekten og Papageno-effekten, ifølgje Niederkrotenthaler. 

Elles har både den austerrikske psykiataren Erwin Ringel og den amerikanske psykologen Edwin Shneidman skrive om at suicidale personar vekslar mellom ønsket om å leve og ønsket om å døy. I ein slik ambivalens kan ein mediebodskap treffe og påverke utfallet, i den eine eller andre retninga, meiner dei.  

Andre har forklart Werther-effekten med sosial læring. Når det teiknast eit bilete av ein annan person si åtferd, kan dette fremje ei læring der suicidal åtferd blir stimulert, ifølgje dei australske forskarane Jane Pirkis og Richard W. Blood.

Ein hårfin balanse

Eit vanleg råd til massemedia er å unngå omtale av sjølvmordsmetode. I Noreg er dette nedfelt i pressa sin Ver varsam-plakat. Det finst også i andre land sine vegleiarar samt i internasjonale råd frå Verdas helseorganisasjon (WHO). Bakgrunnen er at eit stort tal studiar har tyda på at suicidale personar kan bli trigga.

Men forskinga er i rørsle. I forskinga Niederkrotenthaler har gjort til no ser den store innramminga, eller narrativet, ut til å bety aller mest. Gjev historia håp, kan det ha ein positiv effekt. Men handlar historia om ein person som har tatt livet sitt eller om ein auke i talet på sjølvmord, kanskje med ein ekspert som kommenterer på trenden, er effekten ofte negativ.

Niederkrotenthaler er open for at det finst situasjonar der metode kan nemnast utan å gjere skade, til dømes i enkelte historier om håp og betring.

– Vi trur det handlar om ein hårfin balanse. Kanskje var den omtala personen nære ved å ta livet sitt før han tok opp telefonen og ringde etter hjelp. Å nemne metode kan i eit slikt tilfelle kanskje bidra til at ein møter ein suicidal lesar akkurat der han er på det tidspunktet, foreslår Niederkrotenthaler og legg til:

– Vi må finne ut korleis vi kan hjelpe folk på ulike stadium og tilpasse bodskapane.

Han er likevel tydeleg på at media og andre samfunnsaktørar må følgje dei vegleiarane som finst globalt og nasjonalt. Desse omfattar både redaktørstyrte media, sosiale media og bloggar.

– Når det gjeld omtale av sjølvmordsmetodar, må ein alltid vere forsiktig. Rådet mitt er å unngå dette på grunn av dei veldig sterke negative effektane vi har sett i studiar.

Spørsmål framover

Framover ser han føre seg at følgjande spørsmål vil vere viktige å undersøke:

  • Kva historier om håp og betring verkar best for kva grupper?
  • Kven har størst nytte av slike historier?
  • Har historier om håp og betring nokon risiko ved seg?
  • Kva betyr det store narrativet sett i forhold til spesifikke råd som blir gitt i medievegleiarar?
  • Kva måtar å presentere ei historie på verkar best, for kven?
  • I kva fase av ei suicidal utvikling er historier om håp og betring mest til hjelp?  

Også Angela Nicholas, forskar innan mental helse ved University of Melbourne, meiner at mykje arbeid gjenstår før vi har alle svara. Ho synest at arbeidet frå Niederkrotenthalers team er spennande.

– Denne forskinga er framleis ny og i stadig utvikling. Men det er spennande å tenkje på at vi kan hjelpe folk som har det vanskeleg ved å fortelje historier om andre som har hatt det vanskeleg, søkt hjelp og fått det bra igjen, meiner ho.

Som Niederkrotenthaler meiner ho at det er viktig å følgje eksisterande vegleiarar. Samtidig ser ho føre seg at vegleiarane framover blir gradvis endra, slik dei òg har blitt til no.

– Breie vegleiarar kan vere litt ueigna for å handtere ei nyansert problemstilling. Men før vi kan endre på dette, treng vi meir kunnskap om nyansane, seier Nicholas.

Idealisering og forenkling

Andre råd som ofte blir gjevne i vegleiarar, er å unngå ei idealiserande og romantiserande skildring av personen og handlinga, samt å unngå ei forenklande skildring av årsakene til sjølvmordet.

Niederkrotenthaler ser på dette som viktige tilrådingar. Han peikar igjen på serien «13 Reasons Why», der han meiner at den suicidale hovudpersonen vart idealisert.

Også det å unngå forenklingar er eit svært viktig råd, meiner han.

– Sjølvmord er aldri enkelt å forklare. Det har alltid meir enn éi årsak og triggarane inkluderer både biologiske, psykologiske, sosiale og kulturelle faktorar. Å løfte fram éin enkelt grunn er misvisande, og det kan også få det til å virke som om sjølvmord er ein typisk måte å handtere enkeltproblem på. Det er ikkje tilfelle.

For eksempel får rundt 20 prosent av Europas innbyggjarar ein depresjonsdiagnose i løpet av livet, påpeikar han. Mange mistar jobben på eit tidspunkt eller opplever eit vanskeleg samlivsbrot.

– Men berre ein svært liten del av dei tar livet sitt eller prøver på det. Dei fleste menneske jobbar seg igjennom slike hendingar. Verkar det umogleg, finst det hjelp. Medieoppslag som får fram dette, er svært viktige for sjølvmordsførebygging.


Kjelder:

Niederkrotenthaler, T. m. fl.: «Role of media reports in completed and prevented suicide: Werther v. Papageno effects». The British Journal of Psychiatry (2010)

Niederkrotenthaler, T. m. fl: «Association of Increased Youth Suicides in the United States With the Release of 13 Reasons Why». JAMA Psychiatry (2019)

Mattson, Å. L. 2019: «Sjølvmord, smitte og 13 Reasons Why». Suicidologi (2020)  

Green, M. C. og T. C. Brock: «The role of transportation in the persuasiveness of public narratives». Journal of Personality and Social Psychology (2000)

Slater, M. D: «Entertainment Education and the Persuasive Impact of Narratives». I: Green, M. C. m.fl. (2002): «Narrative impact: Social and cognitive foundations».

Av Silje Pileberg
Publisert 21. des. 2020 02:37 - Sist endret 21. des. 2020 02:51