Skal auke kunnskapen om sjølvmord og rus

I eit nytt doktorgradsprosjekt skal Martin Øverlien Myhre undersøke kva som kjenneteiknar sjølvmord i rusbehandling, og korleis slike sjølvmord skil seg frå dei i psykisk helsevern.

Er du rusavhengig, har du større risiko for å døy tidleg enn andre samfunnsgrupper. Overdose er ei vanleg årsak, men også sjølvmord er meir utbreitt i denne gruppa enn i folket elles.

Stipendiat Martin Øverlien Myhre skal undersøke sjølvmord i rusbehandling.

Også dei som får behandling, rammast: Ti prosent av alle som døyr av sjølvmord i Noreg har hatt kontakt med eit tilbod innan Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB). Dette er del av spesialisthelsetenesta og omfattar avrusing, langtidsinstitusjonar og poliklinisk behandling, altså samtalar medan du bur heime.

Trass høge tal har det vore forska lite på denne gruppa. No skal Martin Øverlien Myhre jobbe med temaet i eit PhD-prosjekt, etter å ha blitt tildelt midlar frå Stiftelsen Dam.

- Det har vore meir forsking på sjølvmord i psykisk helsevern, mellom anna fordi den høge sjølvmordsrisikoen hos pasientane lenge har vore kjent. Men internasjonalt er det no ei aukande interesse for å studere sjølvmord blant folk som har fått rusbehandling, seier Myhre, som er tilsett ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).  

Spørsmål utan svar

Men sjølv om ein kjenner til koplinga mellom ruspasientar og sjølvmord, er det mange spørsmål utan svar. Til dømes: Kva slags behandling har dei brukarane som tar livet sitt, fått det siste året? Kva aldrar og diagnosegrupper er mest utsette? Og kor lang tid gjekk det etter behandling før dei tok livet sitt?

- Dette er spørsmål vi no vil sjå nærare på. Vi vil også undersøke kor vidt tidlegare suicidal åtferd påverkar risikoen for sjølvmord i denne gruppa, seier Myhre.

Det overordna målet for forskingsprosjektet er å gje eit betre grunnlag for utforming av effektive sjølvmordsførebyggjande tiltak i TSB.

Registerstudiar og spørjeundersøking

Prosjektet vil nytte registerdata frå Nasjonalt kartleggingssystem for selvmord i psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling. Materialet koplar Dødsårsakregisteret og Norsk pasientregister, der alle som døydde av sjølvmord innan eit år etter kontakt med psykisk helsevern er inkludert.

Den eine av Myhres studiar vil også  nytte data som kartleggingssystemet samlar inn frå klinikarar som har vore i kontakt med dei døde.

Myhre sine vegleiarar er medisinprofessor og senterleiar Lars Mehlum ved NSSF, forskar og psykologspesialist Fredrik Walby ved NSSF og seniorforskar Jørgen Bramness ved Folkehelseinstituttet. Tommy Sjåfjell frå brukarorganisasjonen A-larm leiar prosjektet sitt brukarpanel. Prosjektgruppa samarbeidar med organisasjonen Rådet for psykisk helse.


Kjelde: Rapporten «Selvmord under og etter kontakt med tverrfaglig spesialisert rusbehandling 2009 til 2017 – en nasjonal registerstudie» (2020)

Av Silje Pileberg
Publisert 16. nov. 2020 13:55 - Sist endret 8. juli 2021 09:49