Helse Vests kampanje nådde breitt ut

Vel 400.000 vestlendingar fekk med seg Helse Vest sin kampanje for å førebyggje sjølvmord, over dobbelt så mange som kampanjen i 2019.

– Det kan hende at tida er meir riktig og at folk er meir mottakelege for informasjon om sjølvmord. Men vi har også gjort nokre grep for at kampanjen skulle nå betre igjennom, seier Carina Paulsen Mæland, seniorrådgjevar i Helse Vest RHF.

Kampanjen i 2019 nådde fram til 150.000 vestlendingar, ifølgje ei undersøking gjennomført av selskapet Epinion. Vinteren 2020/2021 var det 400.000 som fekk med seg kampanjen, ifølgje Respons Analyse.  Det var første gong ein slik kampanje vart halden i Noreg.  

– Kampanjen skulle bidra til å bryte ned stigma. Han skulle også skape forståing for at det ikkje er farleg å snakke ope om sjølvmordstankar og at det er viktig å ta den potensielt livreddande samtalen, forklarer Mæland. 

At det er hjelp å få, og kvar hjelpa finst, var også viktige bodskapar.

Kjendisar og forankring

I 2020/2021 hadde kampanjen fleire av dei same verkemidla som i 2019, mellom anna elektroniske tavler i bybiletet, nettannonsar og filmar i sosiale media. Men det var nokre skilnader:

  • Fleire kjendisar fronta kampanjen i sosiale medium og på elektroniske tavler. Mellom desse var Erik Thorstvedt, Kristoffer Joner og Maud Angelica Behn. 
  • Dei elektroniske tavlene hadde i 2020/2021 bilete, større skrift og mindre tekst, slik at det var lettare å få med seg bodskapen.
  • Kampanjen var betre forankra  i førekant. 

– Denne gongen brukte vi nesten eit halvt år på å forankre kampanjen i eigne føretak og organisasjonar. Vi sende ut informasjon til både kommunar, fastlegar, avtalespesialistar, brukarorganisasjonar, politi og branntenester, altså ikkje berre dei som jobbar direkte med psykisk helse, seier Mæland.

Det blei også oppretta eigne lokale arbeidsgrupper i føretaka, som hadde med seg lokale kreftar utanfor sjukehusa. Rogaland fylkeskommune og NSSF medverka også.

Meir krysskommunikasjon 

Mæland trur at også nokre andre grep gjorde at kampanjen nådde breiare ut i 2020/2021: 

  • Kommunikasjonsmedarbeidarar frå alle føretaka tok del. Desse hadde solid kommunikasjonskunnskap og lokalt etablerte kontaktar, til dømes med kommunar og media.    
  • Sju filmar vart spreidde på sosiale media, i staden for éin i 2019.
  • Det var utstrekt bruk av krysskommunikasjon, der same bodskap nådde ut via fleire kanalar. 
  • Det var fleire oppslag i aviser og andre massemedium.

– Det er ikkje så mange som les Helse Vest sine nettsider. Men når helseføretaka, Helsedirektoratet, fylkeskommunar, NSSF og andre publiserte akkurat same sak på sine sider, kunne vi nå fleire. Så mange som 97 prosent av dei som såg videoane følgjer ikkje Helse Vest på Facebook.

Vanskeleg å nå unge menn

I den filmen som nådde flest, var det Maud Angelica Behn som oppmoda til meir openheit om sjølvmord. Denne filmen fekk eit nasjonalt publikum med ei rekkevidde på nesten ein million på Facebook Generelt nådde filmane fleire kvinner enn menn. Filmen som vart sett av flest menn, var med Erik Thorstvedt.

–  At Thorstvedt treff godt hos menn, kan delvis skuldast at den filmen vart mest eksponert gjennom annonsar i nettaviser. Her veit vi at menn er viktige lesarar.

Generelt var ungdom og menn grupper Mæland gjerne skulle sett at kampanjen nådde betre ut til. Menn er overrepresenterte på sjølvmordsstatistikken.

– Spesielt unge menn var vanskelege å nå. Ei av årsakene kan vere at filmane var nokså kjenslebaserte. Vi trur vi kunne nådd fleire menn viss vi hadde lagt meir vekt på det rasjonelle og faktabaserte, seier Mæland.

Facebook og Instagram er dessutan ikkje dei beste kanalane for å engasjere menn, legg ho til.

Haldningsendring tar tid

Mæland og kollegaene er svært godt fornøgde med at kampanjen nådde 400.000 vestlendingar, altså 36 prosent av innbyggarane i regionen. Folket på Vestlandet var kampanjens målgruppe.  

Kampanjens effektar er til dels vanskelege å måle, men ifølgje Respons Analyse sine undersøkingar er det ein klar tendens til at fleire veit at openheit om sjølvmordstankar er viktig. Fleire veit også kvar dei kan få hjelp.

Undersøkingane tydar dessutan på at kampanjen har vore med på å bryte ned mytar og skape kunnskap om at det ikkje er farleg å spørje om sjølvmordstankar.

Endringane er relativt små, slik som ofte er tilfelle i denne typen kampanjar. Mæland understrekar at haldningsendring tar tid.

– Jobben har så vidt begynt, seier ho.

I 2021 skal Helse Vest jobbe vidare med kampanjearbeid. Samtidig skal NSSF og organisasjonen Mental Helse, i samarbeid med lokale aktørar, gjennomføre eit folkeopplysingsprosjekt i tidlegare Østfold fylke. Helsedirektoratet vil gjere nytte av erfaringane frå Helse Vest og Østfold i eit vidare arbeid med folkeopplysingskampanjar i andre regionar. 

Bildet kan inneholde: himmel, font, elektrisk blå, sirkel, kunst.

  • Alle helseføretaka i Helse Vest deltok i ein sjølvmordsførebyggingskampanje over to periodar: to veker vinteren 2019 og tre veker vinteren 2020/2021
  • Budsjettet var 2,5 millionar kroner totalt.
  • Det var eit tett samarbeid mellom helseføretaka, organisasjonen Velg å leve, RVTS Vest og NSSF. Også Rogaland fylkeskommune medverka.
  • Kampanjens resultatmål var mellom anna å redusere talet på sjølvmord, å bidra til større openheit om sjølvmordstankar og å auke kunnskap og slik senke terskelen for å spørje folk om sjølvmordstankar.

Kjelde: Helse Vest

 

Bildet kan inneholde: paraply, produkt, gest, lykkelig, interaksjon.

Av Silje Pileberg
Publisert 12. apr. 2021 13:51 - Sist endret 23. apr. 2021 11:22