Ho vil hjelpe folk å hjelpe

Korleis kan vi nærme oss menneske vi er urolege for? Angela Nicholas og kollegaene har utarbeida ein kampanje retta mot venner og familie.

Bildet kan inneholde: sky, himmel, blå, gest, kropp av vann.

– Historisk har det meste av medie- og sjølvmordsforskinga konsentrert seg om dei som er i risikosona. Eg meiner at vi også bør inkludere dei rundt: korleis kan vi påverke desse, slik at dei er betre i stand til å hjelpe, spør Angela Nicholas, som forskar på mental helse ved The University of Melbourne.

Gjennom å spørje personar som har hatt sjølvmordstankar, samt pårørande og fagpersonar, har Nicholas og kollegaene prøvd å finne ut kva familie og venner bør gjere om dei er bekymra for nokon.

Spør, lytt og hjelp

I ein studie frå 2018 vart ei rekkje ulike utsegner graderte av 160 deltakarar, dei fleste med personleg erfaring (eng. «lived exeperience»). Deltakarane var nokså samde i kva bodskapar som er viktigast å inkludere i ein sjølvmordsførebyggjande kampanje retta mot pårørande:

  • Folk må spørje direkte om sjølvmordstankar og -planar
  • Dei må lytte utan å dømme
  • Dei må fortelje at dei bryr seg og ønskjer å hjelpe

Deltakarane meinte også at folk alltid må ta uttrykk for sjølvmordstankar på alvor, samt at ein umiddelbart må kontakte krisehjelp viss personen har ein plan om å ta livet sitt. Ein må også fjerne eventuelle reiskapar eller middel, viss dette kan gjerast på ein trygg måte.

Meiner at alle har ei rolle

– Eg trur verkeleg at alle i eit samfunn har ei rolle i sjølvmordsførebygging, seier Nicholas.

Ho påpeikar at det ikkje er alle med sjølvmordstankar som søkjer hjelp hos legar eller psykologar. Ein del prøver å snakke med venner eller familie, for eksempel ved å seie at dei ikkje veit korleis dei skal klare å gå vidare.

– Nokon seier ingenting i det heile tatt men trekkjer seg heller unna, drikk meir alkohol eller oppfører seg på måtar som ikkje liknar dei.

Forskingsfunna frå 2018 har blitt omgjort til sjølvmordsførebyggjande bodskapar i den australske kampanjen #YouCanTalk. I kva grad den aktuelle målgruppa får med seg kampanjen, og om dei tar til seg bodskapane, er framleis spørsmål som ein treng svar på, ifølgje Nicholas. 

 

Kjelde: Angela Nicholas m.fl.: Importance of Messages for a Suicide Prevention Media Campaign. An Expert Consensus Study (2018)
Av Silje Pileberg
Publisert 8. feb. 2021 20:56 - Sist endret 29. aug. 2022 10:28