Nullvisjon møtast med både jubel og skepsis

Nokon ønskjer nullvisjonen for sjølvmord hjarteleg velkomen, medan andre er skeptiske.

Bildet kan inneholde: himmel, fjell, natur, billboard, naturlandskap.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Bildet kan inneholde: visjon omsorg, dress skjorte, skjegg, erme, stående.
Håkon Skard, president i Norsk psykologforening 

I Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord, som vart lansert i 2020, skisserast ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Håkon Skard, president i Norsk psykologforening, var tidleg ute med å blogge om dei moglege konsekvensane.

– Det er ingen tvil om at intensjonen er god. Det er også positivt at Regjeringa ønskjer å redusere talet på sjølvmord. Det som bekymrar oss, er dei moglege utilsikta konsekvensane. Eg er bekymra for at ein nullvisjon kan føre til auka bruk av tvang og ei auka sjekklistetilnærming i helsevesenet, seier han.

Han fryktar for mykje vekt på korleis forhindre sjølvmord, framfor å møte individet og gje ei heilskapleg og effektiv behandling.

Fryktkultur

Bildet kan inneholde: person, panne, smil, himmel, hake.
Asbjørn Kolseth, sjefpsykolog ved Akuttpsykiatrisk avdeling ved Oslo universitetssykehus

Asbjørn Kolseth, sjefpsykolog ved Akuttpsykiatrisk avdeling ved Oslo universitetssykehus, deler uroa.

– Blant helsepersonell har det lenge vore ein fryktkultur. Folk er svært redde for å gjere feil. Vi skal vere skjerpa, men for mykje fryktkultur vil gje dårlegare behandling. Vi kan ikkje ta frå menneske all fridom, seier han.

Han vil verken seie blant ja eller blankt nei til nullvisjon, men legg seg midt i mellom.

– Mange såg nok på nullvisjonen i trafikken som urealistisk, men det har vore ei fabelaktig utvikling. Viss store ambisjonar følgjast av ei konkret satsing, er det fint.

Bildet kan inneholde: halskjede, panne, nese, kinn, leppe.
Førsteamanuensis Anita J. Tørmoen

Etterlyser pengar

Også Erik Torjussen, leiar i fagavdelinga i brukar- og pårørandeorganisasjonen A-larm, og førsteamanuensis Anita Tørmoen ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), etterlyser ei konkret satsing.

Bildet kan inneholde: briller, polo skjorte, erme, gest, halsbånd.
Erik Torjussen, leiar i fagavdelinga i A-larm.

– Det var bortimot ei katastrofe at handlingsplanen ikkje ga oss noko meir handfast, meiner Torjussen.

I etterlatne-foreininga LEVE har nullvisjonen blitt møtt med glede. Generalsekretær Terese Grøm fortel at dei hadde grundige diskusjonar før dei bestemte seg.

Nullvisjon og nulltoleranse

Bildet kan inneholde: person, panne, kinn, hake, smil.
Generalsekretær i LEVE, Terese Grøm

– Vi meiner nemleg at nullvisjon og nulltoleranse er to heilt ulike ting. Er det nulltoleranse, kan ein bli arrestert for det som skjer. Ein nullvisjon seier ikkje at alle sjølvmord kan hindrast. Han må i staden sjåast på som eit styringsverktøy, ein pådrivar som legg grunnlag for politiske og økonomiske forpliktingar, seier ho.

Ho ser ikkje bort frå at vi vil sjå ein kraftinnsats mot sjølvmord framover.

– Viss vi berre snakkar om at null sjølvmord er ein utopi, ser vi ikkje dei moglegheitene ein nullvisjon gjev. 

Les meir om dette temaet i kommande nummer av Suicidologi nr 2 2021 - Nasjonale strategier

Av Silje Pileberg
Publisert 7. mars 2021 19:21 - Sist endret 7. juni 2021 23:37