– Unge pårørande blir ikkje høyrde

Kven tar imot kjærasten, søstera eller vennen til ein ung person som slit?

Bildet kan inneholde: jeans, anlegg, mennesker i naturen, natur, flash fotografering.

Pårørendedagen 2021 er 22. september, og i år handlar det om dei unge: dei mellom 15 og 25 år, som kan ha det like vanskeleg som foreldre, besteforeldre og barn.

– Unge pårørande kan vere søsken, kjærestar eller venner med store omsorgsbyrdar. Men dei veit ikkje kven dei skal kontakte, seier Anne-Grethe Terjesen, fagsjef i Pårørendealliansen.

Regjeringa sin pårørandestrategi frå 2020 nemner barn og vaksne, men unge nemnast ikkje i det heile tatt, påpeikar ho.

– Det er ingen som løftar fram denne gruppa. No gjer vi det.

Både Pårørendealliansen og søsterorganisasjonane i Europa har i år unge pårørande som tema på Pårørendedagen.

Veit ting foreldra ikkje veit

Terjesen påpeikar at eit betre apparat for å ta imot unge pårørande kan vere sterkt førebyggande.

– Venner, kjærestar og søsken kan ha ein annan relasjon til den det gjeld enn foreldra har. Dei veit ofte mykje som foreldra ikkje veit, spesielt om sjølvskading. Men dei veit ikkje kven dei skal ta kontakt med.

Eit anna problem er ifølgje Terjesen at dei unge som faktisk tar kontakt med hjelpeapparatet, ikkje blir tatt like seriøst som foreldre eller andre vaksne. Dette byggjer ho til dels på eigne erfaringar.  

– Når ein person varslar, må det takast på alvor, sjølv om ein ikkje er næraste pårørande. Eg trur at det er veldig førebyggande.

Ein krevjande situasjon

Fredrik A. Walby, psykologspesialist og forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforskning og -forebygging (NSSF), støttar Terjesen. Han meiner at pårørande generelt får for lite merksemd innan sjølvmordsførebygginga.

– Dette handlar både om førebygging og støtte. Pårørande er med å førebygge, men dei treng støtte og informasjon. Har du nokon rundt deg med alvorleg sjølvskadingsproblematikk, er dette ein svært krevjande situasjon over tid anten du er forelder eller ung pårørande, seier Walby.

Han trur at hjelpetelefonar og andre tenester er opne både for unge og eldre pårørande, men pårørande inkluderast berre i varierande grad hjelpetilbodet elles, meiner han.

Ingen systematikk

Walby har lang erfaring med å behandle pasientar.

– Det som alltid er utfordringa, er den manglande systematikken med å trekkje inn pårørande til suicidale pasientar. Her veit vi at det sviktar, og det er nok særleg vanskeleg når det gjeld dei som ikkje er i ei formell pårøranderolle.

Han legg til:

– Ein stad må helsevesenet sitt ansvar slutte. Men kven skal då ta seg av venner, kjæraste og resten av miljøet rundt personen?

Dette kan vere ekstra krevjande vurderingar for helsepersonell viss den suicidale personen er ung, meiner han.

– Er du i slutten av tenåra eller tidleg i tjueåra, er du i ein fase der du skal vere meir sjølvstendig enn før. Då er det svært krevjande å vurdere kven som skal involverast og i kva grad.

Meir kunnskap, betre rutinar

Anne-Grethe Terjesen meiner at det i dag finst nok kunnskap om desse tomromma i hjelpeapparatet til å starte eit arbeid med å betre situasjonen. Men ho meiner at barne- og ungdomsundersøkingane Ungdata bør brukast som eit verktøy for å finne ut meir om omfanget av denne problematikken hos unge pårørande.

Både Terjesen og Walby ønskjer seg dessutan meir kunnskap om kva slags intervensjonar som trengst i helsevesenet for at ei god oppfølging av pårørande, i alle aldrar, skal bli ein del av rutinane.

Walby trekkjer spesielt fram pårørande til pasientar som allereie har vore i behandling.

– Vi veit at sjølvmordsproblematikk ofte varer lenge. Har du vore suicidal og deprimert før, kan det oppstå nye kriser i framtida. Då kan det vere vanskeleg for pårørande å vite når dei skal begynne å bekymre seg igjen og skaffe hjelp på nytt. Her bør vi få på plass betre rutinar, seier han. 

Av Silje Pileberg
Publisert 21. sep. 2021 17:35 - Sist endret 23. sep. 2021 09:26