DBT-terapi: – Det er ein god grunn til at vi ber pasientar halde ut kjenslene sine

Å lære seg å handtere kjenslene sine er ein av nøklane til å få eit liv som er verdt å leve, ifølgje DBT-terapeut Christine Dunkley.

Validering, altså å gjere den andre sine kjensler gyldige, er ein viktig del av DBT. – Det krev fleire ord enn vi vanlegvis brukar, men det fungerer, seier Christine Dunkley. 

Mange av dei menneska som Christine Dunkley har jobba med, har stengt av kjenslene sine i årevis fordi dei ikkje klarer å handtere den emosjonelle smerta. Som terapeut i dialektisk åtferdsterapi (DBT), prøver Dunkley å hjelpe dei å få tilgang på kjenslene.

– På kort sikt kan distraksjon hjelpe. Men viss vi distraherer oss bort frå kjenslene våre, vil problema bli verre på sikt, seier ho.

Ein ven av Dunkley seier det slik: «Når du dyttar bort ei kjensle, går ho berre til treningsstudioet så ho kan kome attende og slå deg ned.»

Dette kom fram i ein studie av Ravi Thiruchselvam ved University of Toronto og kollegaer frå 2011, der deltakarane vart utsette for kjenslevekkande inntrykk. Dei som stengde av kjenslene sine, fekk dei attende i større monn når dei vart utsette for det same inntrykket ein halvtime etter.

– Det er ein god grunn til at vi ber pasientar halde ut med kjenslene sine og lære å lese dei, seier Dunkley.  

Kjensla må passe opplevinga

Bildet kan inneholde: person, ansikt, hår, kinn, smil.
– Mange pasientar opplever kjensler som forferdelege og vil gjere kva som helst for å sleppe unna, seier Christine Dunkley.

Ho har skrive fleire artiklar og bøker om temaet og er ein erfaren DBT-lærar i Storbritannia. I mai heldt ho heildagsinnlegg på 7. nasjonale konferanse om DBT i Oslo. Her snakka ho spesielt om regulering av kjensler, eitt av fleire element i DBT.

Ifølgje Dunkley må mange, heller enn å dytte kjenslene bort, omfamne kjenslene og lære kva dei prøver å fortelje.  

Dei må også lære å kjenne att intensiteten i kjenslene sine.

– Er intensiteten for lav, må dei lære å auke han, og er han for høg, må dei lære å senke han. Det handlar ikkje om å bli kvitt kjensla, men om at kjensla skal passe til det ein opplever.

Ofte seier pasientar til henne at det viktigaste dei har lært er å spørje seg sjølve kor sterke dei ønskjer at kjenslene skal vere.

– Her må ein øve og øve, som ein så ofte må.

Rosene som vart borte

Kjensleregulering er noko mange av oss gjer automatisk, påpeikar ho.

– Sjå føre deg at du har planta roser i hagen din, dei har blitt så flotte. Men ein dag du kjem heim, er rosene borte. Nokon har plukka dei, og du er rasande, begynner ho.

Sjå vidare føre deg at det bankar på døra. Utanfor står den vesle nabojenta med rosene dine i hendene. Ho seier: «Eg plukka nokon blomar til deg, for eg veit at du elskar rosene dine, og eg elskar deg.»

– Sinnet du kjenner på, vil ikkje forsvinne med det same. Men du vil begynne å gjere ting som senkar det. Du snakkar kanskje til jenta med mjuk stemme og legg hovudet på sida – slike rørsler gjev kroppen din beskjed om å skru av sinnet.

På, av eller midt i mellom?

Folk som har dytta vekk kjenslene sine i lang tid, kan oppleve at kjensla berre har to nivå: på og av, ifølgje Dunkley.

– Sjå føre deg at du føler skam, og at du berre kan føle 100 prosent skam. Ville ikkje det vere vondt? Det er ikkje rart at folk skadar seg sjølve.

Ein slik pasient kan fort skildre skamkjensla han fekk då han gløymte å sende ei bursdagshelsing, som 100 prosent, fortel ho.

– Viss pasienten din gjer det, kan du seie: «Åh, 100 prosent skam? Men kva viss du køyrde til huset mitt for å levere bursdagskortet, og så køyrde du over hunden min og drap han?» Då repliserer personen gjerne med: «300 prosent skam!» Men det går jo ikkje.

Å gjere det motsette

Slike eksempel kan skape ei forståing av at det ikkje er tilstrekkeleg berre å ha eitt kjenslenivå innabords, meiner Dunkley.

Er kjensla for sterk, kan det vere nyttig å øve på å gjere det motsette av det kjensla gjev deg lyst til, den såkalla «motsett handling-ferdigheita». Denne er blitt omtala av Marsha Linehan (2015), psykologen som utvikla DBT. Då hjelper kroppen deg å regulere ned kjensla.  

– Kvar kjensle har nokre kroppslege kjenneteikn. Er vi sinte, blir vi varme, og vi strammar magemusklane. Då kan det hjelpe å kjøle seg ned og få magemusklane til å slappe av. Eit anna tips for å redusere sinne, kan vere å leggje seg ned, seier ho og legg til: 

– Vi vil ikkje til null, vi vil berre til det nivået som passar til situasjonen.

Som terapeut bør ein vere sensitiv, påpeikar ho, og finne løysingar som pasienten synast er greitt. Til dømes kan terapeuten spørje personen kor mykje av sinnet han eller ho ønskjer å behalde.

Når kjenslene er borte

Éin pasient som kom til Dunkley, hadde opplevd at ei venninne stal frå henne. Men då Dunkley spurte pasienten om ho vart sint, var svaret nei. For slike ting skjer jo, meinte ho.

– Det var forståeleg. Ho hadde vakse opp med ein valdeleg far, og alle i familien gjekk rundt og passa på at han ikkje skulle bli sint. Ho hadde ikkje sinne i repertoaret sitt.

Det gjorde henne sårbar. Dunkley øvde saman med kvinna på å legge sinne inn i stemme og ansiktsuttrykk.

I ein slik situasjon kan rollespel vere ein god idé, påpeikar ho.

– Når du skal putte ei kjensle tilbake i ein person, må personen late som. Fake it till you make it. Vil ho eller han nokon gong føle det slik eg gjer det? Kven veit. Men over tid vil evna aukast.  

Vil ikkje stenge døra

Dunkley meiner at den største utfordringa for DBT-terapeutar som jobbar med kjensleregulering, er at andre metodar å få bort smerten på både er enklare og tar kortare tid.

– Men det vi foreslår, vil løyse problemet. Andre metodar vil berre dytte det bort midlertidig, seier ho.

Det er viktig at terapeuten er ærleg, legg ho til.

– Fortel personen du har framfor deg kva som er det sannsynlege utfallet med terapi, og kva som er det sannsynlege utfallet utan. Viss personen har grunnar til at han ikkje ønskjer å vere i terapi, så ta det på alvor, men gje samtidig fakta – på ein omsorgsfull måte. Tilby mykje, men forvent mykje tilbake.

Dunkley er ikkje redd for at pasientar skal gå ut døra. Ho jobbar med personar som har emosjonselt ustabil personlegdomsforstyrring, og slikt skjer innimellom.

– Det eg er redd for, er å stenge døra.

Å vere ærleg med pasienten

Viss pasienten ikkje ønskjer å halde fram med behandling, er Dunkley ærleg om kva ho tenkjer om det.

Om pasienten kjem attende seinare, er ho ærleg, då òg. Då kan ho for eksempel seie kva ho synest ho gjorde feil sist dei møtte kvarandre, og at ho er lei for det. Å kunne feile og innrømme det, er ein viktig del av DBT.

– Ærlegdom fremjar tillit. Dessutan har mange pasientar blitt lærte at dei ikkje skal lytte til kjenslene sine. Dess meir ærlegdom vi kan ha i forholdet mellom terapeut og pasient, dess meir ærlege kan dei vere mot seg sjølve.

Har du etablert eit godt forhold til pasienten, kan du også vere ærleg når pasienten gjer noko som provoserer deg, legg ho til. 

– Du kan seie at «det du gjorde der, gjer meg forbanna». Det er heilt greitt, så lenge du tidlegare har vist pasienten at du er glad i henne.

Validering krev fleire ord

Eit av kjerneelementa i DBT er validering. Dette inneber å gjere den andre sine kjensler gyldige. Her kan kanskje både foreldre og terapeutar ha noko å lære.

Sjå for eksempel føre deg tenåringen som vil på fest der du veit det blir stoff og fyll. Og den typiske foreldrekommentaren: «Eg veit at du ønskjer å gå på den festen, men du får ikkje gå».

– Seier du det slik, er det som å slå tenåringen i ansiktet, seier Dunkley.

Eit tips? Vis heller forståing for at det er kjipt å ha dei strengaste foreldra, oppmodar ho.

– Samtidig kan du spørje kva slags forelder du ville vere om du ope og bevisst let barnet ditt gå inn i noko som kunne ta livet av han eller henne. Kanskje kan du seie at du ønskjer å ta dette alvorleg, og så prøve å finne ei løysing, ein middelveg, saman med tenåringen, seier ho og legg til:

– Validering krev fleire ord enn vi vanlegvis brukar, men det fungerer.

Kan vere kontraintuitivt

Validering handlar dessutan ikkje berre om å vere hyggeleg og bekrefte den andre sine kjensler. Det kan også handle om å bore djupare, ifølgje Dunkley – og det kan handle om å gå imot sine eigne instinkt.  

For eksempel gjekk ein terapisamtale mellom Dunkley og ei ung kvinne, vi kallar henne Kine, føre seg omtrent slik:

Kine: «Eg trur at kjærasten min kjem til å gjere det slutt med meg.»

Dunkley: «Ok, kva får deg til å tru det?»

Kine: «Fram til no har vi hengt mykje ilag, og eg har alltid visst når vi skal treffast neste gong. Men dei siste dagane har han ikkje tatt kontakt like mykje som før.»

Dunkley: «Kva grunn har han gjeve deg, da?»

Kine: «Han seier at han er sjuk. Eg trur at han er i ferd med å gå frå meg.»

Dunkley: «Vel, det høyrest ut som at du kan ha rett.»

Dunkley påpeikar at det å opne for at Kine hadde rett, var vanskeleg.

– Kvart einaste fiber i kroppen min hadde lyst til å seie: «Å, han er nok berre sjuk». Men eg sa det eg sa fordi eg ønska å validere kjenslene hennar, seier Dunkley.

For Kine var dette svært effektfullt.

– Lysta hennar til å skade seg sjølv gjekk ikkje opp, ho gjekk ned.

Hovudbodskapen er ifølgje Dunkley at kjensler verken er gode eller dårlege. Dei er der for å vegleie oss.

– Men viss vi ikkje veit korleis vi skal heve eller senke intensiteten av kjenslene våre, blir vi redde dei. Når vi derimot veit at vi sjølve kan justere kjenslene til riktig nivå, treng vi ikkje å unngå dei lenger. Då kan vi heller lytte til dei beskjedane dei har til oss. 

Kjelder

Thiruchselvam, R., m. fl. (2011): The temporal dynamics of emotion regulation: an EEG study of distraction and reappraisal. Biological Psychology, 87(1), 84-92. Henta frå https://doi.org/10.1016/j.biopsycho.2011.02.009

Linehan, M.M. (2015). DBT Skills Training Manual (2nd Edition). New York: Guilford press.

Dunkley, C. (2020): Regulating Emotion the DBT way: A therapist’s guide to opposite action. Routledge.  

Kjensler og kroppen

Er kjenslene for sterke, må dei regulerast ned. Det kan hjelpe å jobbe fysisk. Her er eksempel på typiske kroppslege reaksjonar for sinne og skuldkjensle:

Sinne: Kjensle av varme. Stramme magemusklar. Spent kroppsstilling. Spent kjeve. Spente musklar. Smale auge. Leppene pressa saman. Sint stemme. Rask pust.

Tips: Kjøle ned. Slappe av i magemusklane. Ligg flatt. Slappe av i kjeven og musklane. Opne augo forsiktig. Slappe av og opne munnen. Mjukare stemme. Pust ut. 

Skuldkjensle: Ukomfortabel kjensle av varme. Krympar seg, hevar skuldrane. Stille pust. Spente musklar. Flakkande blikk. Bit seg i underleppa. Bedande stemme.  

Tips: Kjøle ned. Reise seg opp, senke skuldrane. Normalisere pusten. Slapp av i musklane. Møt andre sitt blikk. Slappe av og opne munnen. Snakk høgare og tydelegare.

Kjelde: Boka «Regulating Emotion the DBT way: A therapist’s guide to opposite action» (2020) av Christine Dunkley

Dialektisk åtferdsterapi (DBT)

  • - Ein empirisk validert behandlingsmetode for personar med kronisk  suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
  • - Terapien legg til grunn at emosjonell reguleringssvikt er ei underliggande årsak til dårleg regulert åtferd.
  • - Terapien kombinerer ei kognitiv-åtferdsorientert tilnærming med såkalla valideringsterapi, der pasientens kjensler blir forstått og validerte.

Kjelde: Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF)

Av Silje Pileberg
Publisert 10. aug. 2022 13:32 - Sist endret 10. aug. 2022 14:01