Pasientar med alvorleg depresjon: Psykosesymptom kan komme plutseleg

Psykose kan inntreffe plutseleg blant deprimerte pasientar og føre til impulsive sjølvmordsforsøk. Det er eit av funna i ein ny doktorgrad.

Bildet kan inneholde: smil, øyenbryn, flash fotografering, erme, iris.

Kristin Jørstad Fredriksen, avdelingsoverlege ved Stavanger Universitetssjukehus. Foto:Jeanette Larsen

 

Mange pårørande slit med at dei ikkje såg teikna før sjølvmordet, ifølgje Kristin Jørstad Fredriksen, avdelingsoverlege ved Stavanger Universitetssjukehus. 

– Men forskinga tydar på at dette kan skje heilt plutseleg. 

I arbeidet med doktorgraden sin intervjua ho ni personar som var akuttinnlagde i psykiatrien. Fleire hadde forsøkt å ta livet sitt før dei vart lagde inn. Alle hadde vore gjennom ein alvorleg depressiv episode og i tillegg hatt psykosesymptom, noko som kan innebere vrangførestillingar, hallusinasjonar og tankekaos. 

To av dei hadde forsøkt å ta livet sitt første dagen dei hadde psykosesymptom. 

– Hadde dei døydd, ville ingen visst at dei hadde psykosesymptom den dagen.  

Ein underkjend tilstand i helsevesenet 
Personar som får ein psykotisk depresjon, har likevel ofte hatt eit klart funksjonsfall i førekant, fortel ho. Kanskje har dei isolert seg meir og meir, blitt meir deprimerte, skeptiske eller paranoide. 

– Dei kan ha eit veldig tankekaos og vanskar med å konsentrere seg eller følgje ein vanleg samtale. Pårørande kan oppleve at dei ikkje kjenner dei att.  

Psykoseplagene kan vere til stades i kort eller lengre tid, forklarer ho.  

– Ved behandling forsvinn ofte psykosesymptoma relativt raskt, medan den depressive episoden trekkjer meir ut i tid. Desse pasientane har altså ikkje ei kronisk psykoseliding som til dømes schizofreni.  

Helsetilsynet skreiv i ei tilsynsmelding frå 2019 at psykotisk depresjon – altså ein depresjon med psykosesymptom i tillegg – er ein underkjend tilstand i psykisk helsevern og at det også inneber høg risiko for sjølvmord. Symptoma på psykose kan vere annleis og meir subtile enn ved for eksempel schizofreni, og pasientar kan også dekkje over at dei har tankar med psykotisk innhald, ifølgje tilsynet. 

Ein har likevel hatt lite forsking på kva sjølvmordsrisiko ein psykotisk depresjon kan innebere. 

Fortalde sjeldan om sjølvmordstankar 
I doktorgraden gjennomførte Fredriksen både kvalitative intervju og to kvantitative studiar. I ein av dei kvantitative studiane undersøkte ho data frå tidlegare akuttinnlagde pasientar ved Helse Bergen som hadde hatt ein diagnostisert depressiv episode. Ein del av desse pasientane hadde hatt psykosesymptom i tillegg – dette viste seg å auke sjølvmordsrisikoen. 

– Deprimerte pasientar med psykosesymptom rapporterte sjeldnare om sjølvmordstankar og -planar enn deprimerte pasientar utan psykose. Men dei døydde langt oftare av sjølvmord. Nesten fem prosent av denne pasientgruppa var døde etter fem og eit halvt år; dei fleste døydde første året etter innlegging, seier Fredriksen.  

Forskarane fann dessutan at dess høgare grad av depresjon, dess høgare var sjølvmordsrisikoen, også utan at pasienten hadde psykosesymptom. Fredriksen viser til totalskår på depresjonsskalaen MADRS (Montgomery and Åsberg Depression Rating Scale), som brukast mykje i Noreg. 

Eit anna funn var at behandlarar skal vere obs når alvorlege depresjonssymptom opptrer samtidig som urimeleg skuldkjensle og sjølvbebreiding. I den andre kvantitative studien såg ho og kollegaene nemleg at dette auka sjølvmordsrisikoen heilt akutt. Desse pasientane hadde mange ulike diagnosar – ikkje ein psykotisk depresjon – men dei grensepsykotiske vrangførestillingane desse opplevingane representerer, kan likne symptoma ved psykotisk depresjon. 

Ein kunst å avdekke symptoma
Grubling, angst og agitasjon – ei slags rastløyse – er ofte dei mest grunnleggjande symptoma ved psykotisk depresjon, i tillegg til vanlege depresjonsteikn som idear om eiga skuld, skam og senka stemningsleie, ifølgje Helsetilsynet. 

– Å avdekke psykosesymptom er ein kunst. I mange tilfelle må du bruke god tid og få tillit hos pasienten før du klarer å fange det opp, seier Fredriksen. 

Ho påpeikar at pasientar med psykotisk depresjon ofte ikkje kjenner seg att viss dei blir spurte om dei har sjølvmordstankar eller -planar. 

– Dei ønskjer gjerne ikkje å døy. Det er heilt andre ting som ligg bak tanken om at døden er einaste utveg. Nokon vil ofre seg fordi dei meiner at andre da vil få det betre. Andre høyrer stemmer som fortel dei at dei skal ta livet sitt. 

Nokre opplever også at dei blir forfølgde, at dei er fanga i eit mørke dei ikkje kjem ut av eller at dei mistar kontrollen over medvitet sitt. Slike opplevingar kan føre til uføreseielege handlingar der det berre er sekund eller minutt frå avgjerda til utføringa. 

Opplevde at vonde ander tok over 
Ein av dei Fredriksen intervjua, fortalde at han hadde opplevd det som at vonde ander tok over inne i han og dreiv han til sjølvmordsforsøket. Ei kvinne trudde at ho hadde skrive under på si eiga avretting, og at ho var forfølgd av dei som skulle gjennomføre dette. Samtidig hadde kvinna også ei feilaktig oppfatning av at ho hadde HIV. Ho var redd for at eit sjølvmord ville gjere at blodet hennar vart spreitt og slik smitta andre. 

– Kvinna skildra at det var psykosen som dreiv henne til sjølvmordsforsøket, og at det samtidig var psykosen som gjorde at ho avbraut det. Mange er ambivalente, også i psykosen. 

Fleire såg på sjølvmord som ei flukt, både frå problem i livet og frå psykotiske opplevingar og intens angst. 

Naturleg å skjule symptoma 
Pasientar fortel ofte ting som helsepersonell bør lytte til, ifølgje Fredriksen. Men akkurat i vurderinga av sjølvmordsrisiko hos deprimerte pasientar, bør hjelpeapparatet i større grad vektleggje det kliniske biletet: om han eller ho har ein alvorleg depresjon eller psykosesymptom, meiner ho. 

– Undersøk pasienten godt, og legg i mindre grad vekt på det han eller ho seier om aktuelle sjølvmordstankar og -planar. For også dei som er sjukast, underrapporterer. Har du psykose, er du gjerne mistenksam overfor andre. Ofte klarer du heller ikkje å setje ord på det du opplever. 

Har ein vrangførestillingar, kan dette også vere vanskeleg, smertefullt og flaut å fortelje om, legg ho til. 

– Å skjule det du skammar deg over er ein naturleg reaksjon. 

Tidlegare sjølvmordsforsøk auka risikoen 
Ein del tidlegare studiar, som Hubers og kollegaer i 2018, konkluderer med at dei som rapporterer om sjølvmordstankar og -planar i større grad tar livet sitt enn dei som ikkje rapporterer. I Fredriksen sin studie, som berre tok føre seg deprimerte pasientar, fann ho ikkje støtte for dette. Derimot fann ho at det å ha prøvd å ta livet sitt før innlegging, utgjorde ein risiko for sjølvmord i framtida.  

– Dette fann vi både blant pasientar diagnostisert med depresjon og blant heile populasjonen av 7.000 pasientar. Informasjon om tidlegare sjølvmordsforsøk må derfor med i ei sjølvmordsrisikovurdering, seier Fredriksen. 

Forskar Fredrik A. Walby ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging var ein av bivegleiarane på avhandlinga. Han er svært glad for at prosjektet no er fullført. 

– Vi veit frå mange hald at det har vore for lite forsking på dei aller mest alvorlege depresjonane i relasjon til sjølvmordsførebygging. Kristin si avhandling er eit stort og viktig steg framover for å få til betring på dette området, seier han. 


Kjelder: 
Fredriksen, K. J., Schoeyen, H. K., Johannessen, J. O., Walby, F. A., Davidson, L., & Schaufel, M. A. (2017, Spring). Psychotic Depression and Suicidal Behavior. Psychiatry, 80(1), 17-29.                            https://doi.org/10.1080/00332747.2016.1208002

Fredriksen, K. J., Gjestad, R., Walby, F. A., Anda, L. G., Oedegaard, K. J., & Schoeyen, H. K. (2022, Jul 27). High Scores on the Montgomery-Åsberg Depression Rating Scale and Psychotic Symptoms Predict Suicide: A Prospective Cohort Study of Psychiatric Acute Ward Patients. J Clin Psychiatry, 83(5). https://doi.org/10.4088/JCP.21m14018

Fredriksen, K. J., Bartz-Johannessen, C., Schoeyen, H. K., Vaaler, A., Walby, F. A., & Hegelstad, W. T. V. (2022, Dec 12). Imminent and Short-Term Risk of Death by Suicide in 7,000 Acutely Admitted Psychiatric Inpatients. J Clin Psychiatry, 84(1). https://doi.org/10.4088/JCP.22m14460

Helsetilsynet (2020). Psykotisk depresjon er ein underkjend tilstand i psykisk helsevern. Henta 15. mars 2023, https://www.helsetilsynet.no/publikasjoner/tilsynsmelding/tilsynsmelding-2019/psykotisk-depresjon-er-ein-underkjend-tilstand-i-psykisk-helsevern/

 

Emneord: Psykose, depresjon, selvmord Av Silje Pileberg
Publisert 7. juni 2023 14:58 - Sist endret 7. juni 2023 14:58