Redaktørar og journalistar er framleis usikre på dekning av sjølvmord

Har openheit om sjølvmord sin pris? Det var eitt av spørsmåla som vart tatt opp på 12. nasjonale konferanse om selvmordsforskning og -forebygging 9. og 10. mai 2023.

Erik Sønsteinlie, redaktør Oppland Arbeiderblad

Erik Sønsteinlie, ansvarlig redaktør Oppland Arbeiderblad og leder av 4.9- utvalget. Foto: NSSF/Elma Secerovic

Vi er på veg mot openheit om sjølvmord, men det er veldig vanskeleg å balansere dette mot dei omsyna pressa skal ta, sa redaktør Erik Sønstelie, som leiar arbeidet med revidering av Ver Varsam-plakaten sitt punkt 4.9.
 
Sønstelie fortalde om arbeidet til 4.9-utvalet, som er sett ned for å vurdere ei endring av punkt 4.9 i Ver Varsam-plakaten (VVP). Plakaten er norsk presse sin etiske vegleiar og punkt 4.9. handlar om sjølvmordsomtale:
 
«Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtale som ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vere med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.»
 
– Nokon har meint at sjølvmord burde vore meir omtala og at VVP står i vegen. For kva er allmenne informasjonsbehov? Kven vil ta på seg ansvaret for å finne ut kvar grensa i siste setning går? Men det er grunnar til at det er eit eige punkt om sjølvmord i VVP, og det er sterke argument for at det framleis skal vere eit eige punkt, seier Sønstelie.
 
Fleirtalet meiner punktet bør bli revidert 
4.9-utvalet vart sett ned av Norsk presseforbund i 2022. Utvalet har dei siste månadene henta inn fakta og i tillegg over 40 skriftlege innspel frå ulike miljø og enkeltpersonar.
 
Hovudfunna frå innspelfasen var at
 

  •  fleirtalet meiner at vi bør ha eit eige 4.9-punkt men at det bør reviderast. Særleg dei to siste setningane blir opplevd utfordrande  
  • VVP må ikkje hindre omtale, men balansere viktigheita av å omtale samfunnsproblemet og omsyna som må takast
  • omtale bør alltid ha med informasjon om kvar søke hjelp, framheve fakta, nøkternt og respektfullt
  • fleire ønskjer betre vegleiing av journalistar

Utvalet har også gjort ei undersøking blant norske journalistar.
 
– Tre av fire journalistar meiner at vi framleis bør ha eit punkt som regulerer sjølvmordsomtalen i norske media. Dei fleste meiner at punktet bør endrast fordi formuleringane skaper usikkerheit, seier Sønstelie.
 
Spesielt vanskeleg når tida er knapp 
Ifølgje undersøkinga blant journalistar dekker éin av tre sjeldan sjølvmord fordi dei er usikre på presseetikken. Lokalavisjournalistar er minst usikre men dei dekker også sjeldnast sjølvmord.
 
Hendingsnyheiter, altså det som skjer akkurat no, er spesielt vanskeleg, ifølgje Sønstelie.
 
– Det er lettare når ein har tid til å samtale om det og hente råd utanfrå. Men når ein gjennomsnittleg norsk redaksjon sit på vakt, Twitter-meldingane tar til å kome, helikoptera er i lufta og folk ønskjer å vite kva som skjer, kva gjer ein da? Først seinare får ein kanskje vite at nokon tok sit eige liv eller var i ferd med å gjere det. Denne typen vurderingar strevar redaksjonane med.
 
Store redaksjonar har også meldt til utvalet at dei, i større prosjekt, har kome over viktige saker som dagens VVP hindrar dei i å gå vidare med.
 
Utvalet er i rute 
Sidan 4.9-punktet sist vart endra i 2006, har 20 saker blitt meldt til Pressens faglige utval (PFU) for brot på punktet og 12 av sakene har blitt dømde av det som er pressa sitt eige sjølvjustis-organ.   
 
4.9-utvalet skal levere sin rapport i midten av juni og er i rute, ifølgje Sønstelie. Ei eventuell endring kan tre i kraft allereie frå januar 2024.
 
– Alle ønskjer at vi skal skrive kritisk og godt om sjølvmord, men korleis gjer vi det, samtidig som vi hindrar smitte og tar vare på alle omsyna til dei som er ramma? Viss punkt 4.9 skal bli endra, må det formulerast godt, seier Sønstelie.

Utvalet har også diskutert innspela om at det trengst betre vegleiing og auka kompetanse om korleis omtale sjølvmord, legg han til. 
 

Av Silje Pileberg
Publisert 11. mai 2023 09:50 - Sist endret 11. mai 2023 09:50