- Terapeutar må utfordre si eiga åtferd

Professor i psykologi Michaela Swales rår terapeutar til å imøtegå eigne tankar og kjensler som kan vere til hinder for effektiv terapi.

Bildet kan inneholde: erme, gest, begivenhet, font, offentlig tale.

Professor i klinisk psykologi ved Bangor University i Storbritannia, Michaela Swales. Foto: Silje Pileberg  

Det finst i dag mange aktive team i Noreg som brukar dialektisk åtferdsterapi (DBT) i behandling. Terapiforma nyttast både i barnevernet, i kombinerte institusjonar og i helsevesenet.  

29. mai heldt DBT-ekspert Michaela Swales heildagsføredrag for terapeutar og andre interesserte på 8. nasjonale konferanse om DBT på Hamar.

– Eg trur at den største barrieren for mange DBT-terapeutar ofte er deira eigne tankar og kjensler. Dette kan hindre dei i å oppnå det fulle potensialet av terapien, seier Swales, som er professor i klinisk psykologi ved Bangor University i Storbritannia.  

Ho fekk sjølv opplæring i DBT for tretti år sidan av den amerikanske psykologen Marsha Linehan, som utvikla terapiforma. Etterpå har Swales skrive bøker som har blitt omsette til fleire språk, og ho har halde tallause kurs for kollegaer nasjonalt og internasjonalt. 

Rår terapeutar til å bruke eksponering

DBT er ei behandlingsform med mange komponentar. Noko av det Swales trur terapeutar ofte strevar med, er at dei ikkje nyttiggjer seg av alle desse komponentane, og at ein dermed ikkje får fullt utbytte av terapiforma. 

– Spesielt eksponering er eit grunnleggande, og for lite brukt, element i DBT. Mange som får behandling, er ekstremt redde for kjenslene sine, og dette er eit resultat av dei opplevingane dei har hatt. Sjølvskading er eit desperat forsøk på å regulere desse kjenslene, seier Swales.  

Ein del av terapeuten sin jobb, er å framkalle dei vanskelege kjenslene hos pasienten. 

– Når personen har ei kjensle som ikkje er rettmessig, eller når kjensla er sterkare enn ho burde vere, så bruk eksponering, tilrår Swales. 

Fryktar at pasienten skal få det verre

Det er hardt arbeid for terapeuten å finne ut kva kjensler pasienten prøver å unngå og dermed bør eksponerast for. Men enda vanskelegare er det å imøtegå sine eigne bekymringar, ifølgje professoren. 

Studiar har tyda på at eksponering kan gjere DBT-behandling meir effektiv, men det kan verke som om terapeutar ikkje heilt trur på den teorien og dei dataa som finst, meiner Swales. Terapeutar kan til dømes frykte at pasienten skal ende opp med å føle seg verre. 

– Ein del av problemet er at terapeutar vel dette yrket fordi dei vil hjelpe folk til å få det betre. Gjennom eksponering vil klientane deira oppleve sterke kjensler, og dette ønskjer terapeutane ofte å unngå – akkurat som den dei prøver å hjelpe. Får terapeutane unyttige tankar eller intens angst, må dei utfordre si eiga åtferd. 

Her er det grunnleggande at terapeutar bruker DBT-strategiane på seg sjølve, poengterer ho. Dei kan gjere øvingar som dempar frykta, eller dei kan bruke kognitive teknikkar, for eksempel å minne seg sjølv på kvifor eksponering er nyttig. 
 
Eit tips til terapeutar som vil introdusere eksponering i behandlinga, kan vere å snakke om edderkoppfobi, meiner ho. 

– Dei fleste vi hjelper, kjenner prinsippa ved eksponering. Spør du dei om edderkoppfobi, vil dei fleste vite at edderkoppen er triggaren, at responsen er frykt, og at ein då får lyst til å flykte. 

Kva gjer livet verdt å leve?

Gjennom mange år med DBT, har Swales blitt glad i fleire sider ved terapiforma. Ho vektlegg spesielt at DBT krev presisjon frå terapeutens side. Dette er viktig når ein i terapirommet spør kva pasienten ønskjer med livet sitt og kartlegg såkalla liv verdt å leve-mål. 

– Kva ville personen gjort, viss ho hadde det betre? Kvar ville ho bu, med kven, og kva ville ho gjere med tida si? Dette er det store biletet, og vi må presist rette oss inn mot, analysere og løyse alle dei problema som hindrar pasientane i å kome dit. 

DBT-terapeutar må dessutan dyrke ei sterk medkjensle for den dei prøver å hjelpe, poengterer ho. Terapiforma legg til grunn at personen alltid gjer sitt beste, men at ein ikkje alltid klarer å forbetre seg. Når motivasjonen vaklar eller evnene sviktar, er det terapeuten sitt ansvar å hjelpe. 

– DBT utan medkjensle er ikkje DBT. Men medkjensle kan vere vanskeleg, og det krev at terapeuten set seg inn i den andre sin situasjon. Korleis kan det ha vore å ha desse opplevingane? Personen har ikkje valt å komme dit ho er og få dei vanskane ho har. Ho gjer sitt beste for å fungere i utålelege omgivnader. 

– Ikkje lås deg fast i éi løysing 

I den breidda og djupna av strategiane som finst i DBT, er det alltid fleire løysingar på pasienten sine vanskar, ifølgje Swales. Kva løysing som bør veljast, kjem an på pasienten sin situasjon. 

– Når terapeutar spør meg kva dei skal gjere med ei spesiell utfordring dei opplever hos pasienten, er standardsvaret mitt: «Det kjem an på. Fortel meg meir». Du må kjenne 
pasienten godt, og du må ikkje låse deg fast i éi løysing.  

Risikoen for å bli fastlåst er ei viktig årsak til at DBT-terapeutar må bruke behandlinga på seg sjølve. Det er også ei årsak til at DBT-terapeutar må jobbe i team, forklarer Swales. 

– Jobbar du med folk med sterk, emosjonell smerte og høg risiko, er du sjølv i risiko for å bli rigid i tankegangen og ikkje tenkje klart. Då treng du støtte, du òg.   

Evaluerer behandlingsresultata i stort prosjekt

I føredraget snakka Swales også om eit prosjekt ho leiar i Storbritannia der over 100 DBT-team frå heile landet er involverte: Dei samlar data på begynninga, slutten og undervegs i behandlinga og lastar dataa opp til ei nettside. 

Der kan dei sjå sine eigne behandlingsutfall, dei kan samanlikne resultat på tvers av teama, og dei kan samanlikne resultata med publiserte data. 

– Dette har ein stor verdi. På denne måten kan vi reflektere over det vi gjer og endre på ting der vi ser eit forbetringspotensiale, seier Michaela Swales.  

Av Silje Pileberg
Publisert 29. mai 2024 19:17 - Sist endret 13. juni 2024 06:56