– Vi må bygge robuste barn 

Psykolog og forskar Kim Stene-Larsen meiner at vi bør bli flinkare til å identifisere barn som er i risikosonen for å få psykiske problem. Han trur at både foreldreoppfølging og skuleprogram kan ha stor effekt.

Smilende mann med blå øyne. Foto

Både innan suicidologien og innan psykisk helse generelt ser vi no ein breiare tankegang om førebygging enn tidlegare, ifølgje Kim Stene-Larsen. – Eg trur at vi i åra framover vil sjå fleire forskingsprosjekt som utforskar moglege førebyggingstiltak, seier han. Foto: Silje Pileberg

Det trengst meir enn folkeopplysingskampanjar for å førebygge sjølvmord på befolkningsnivå, meiner Kim Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttet (FHI). Han har forska på psykologi, psykisk helse og suicidologi i ei årrekkje og meiner å sjå eit stort potensiale. 

– I dag konsentrerer vi oss mest om problema etter at dei har oppstått. Men for hjarte- og karsjukdommar er det ikkje betre kirurgi eller medisinering som har hatt den største effekten. Det er betre livsstil, kutt av røyk og alkohol. Eg trur det er mogleg å få til noko liknande på sjølvmordsfeltet, seier han.  

Kjem vi inn tidleg, kan vi kanskje hindre at problema oppstår i det heile tatt, held han fram. Særleg er han opptatt av barn og unge, og der skisserer han to viktige grep: Det eine er å bygge robuste barn. Det andre er å minimere talet på negative hendingar dei opplever. 

Sårbare barn kan bli identifiserte tidleg

 – Eit kjernemoment i svært mange sjølvmord er at det er ein mismatch mellom ein ytre stressor og personen si evne til å handtere denne stressoren. Dette handlar om evna til å tole og regulere eigne kjensler. 

Å klare å ha gode relasjonar til andre menneske, og vite kvar ein skal søke hjelp viss det trengst, er viktig, held han fram. Men dette kan vere vanskeleg viss ein strevar med å regulere kjensler som skam og sinne.  

– Eit uttrykk vi ofte brukar i forskinga, er emosjonell reaktivitet. Dei emosjonelle reaksjonane, særleg dei negative, er sterkare, meir intense og meir langvarige hos enkelte barn enn hos andre. Allereie frå svært tidleg i livet kan vi identifisere barn med temperamentstrekk som kan gjere dei sårbare for psykiske lidingar seinare. 

Det finst fleire studiar på dette. Til dømes fann Alva Tang og medforfattarar i 2020 ein samanheng mellom temperament ved 14 månaders alder og personlegdom som vaksen, inkludert sårbarheit for angst og depresjon. Sjølv om fleirtalet av dei som har angst og depresjon ikkje skadar seg sjølve eller tar livet sitt, er dette likevel kjende risikofaktorar. 

Har trua på foreldreoppfølging

Studiar har også tyda på at ein del barn veks av seg dei temperamentstrekka dei har i tidlege barneår. Då Daniel C. Kopala-Sibley og kollegaer følgde ei stor gruppe barn frå tre års alder til dei var tolv, såg dei nettopp dette: For nokre barn varte trekka ved eller vart sterkare, for andre endra dei seg. 

– Det er vanskeleg å vite kven som vil vekse det av seg. Men viss du har tiltak som kan hjelpe, kan du gi denne hjelpa til alle, seier Stene-Larsen. 

Han meiner at vi treng forsking for å finne dei gode tiltaka men trur det ligg eit potensiale i god foreldrevegleiing, anten det gjeld ein gråtande baby eller eit eldre barn som strevar med kjensleregulering. 

Vil involvere jordmødrer, helsesjukepleiarar og fastlegar

– Mange av dei du kallar kolikkbarn, reagerer sterkare på stimuli enn andre babyar. Dei kan vere nesten umoglege å roe. Dette kan vere eit teikn på temperamentstrekk som gjer dei sårbare. Men her finst det foreldre som ikkje får nokon informasjon om kva dei skal gjere. Mange føler seg som elendige foreldre. 

Når ingen av trøystestrategiane dine fungerer, kan det også påverke relasjonen til barnet, legg han til og foreslår å involvere jordmødrer, helsesjukepleiarar og fastlegar i foreldreoppfølging. 

– Klarer vi å skape så robuste barn som mogleg, trur eg vi kan kome langt. Vi blir alle fødde med eit temperament, og det får vi ikkje gjort så mykje med, men alle kan lære seg mestringsstrategiar. 

– Det er for stor variasjon i dei tiltaka som blir gjort på norske skular i dag. Vi må jobbe systematisk, med tiltak som vi veit verkar. 

Kim Stene-Larsen

Mange negative opplevingar aukar risikoen

 Utover i barne- og ungdomstida treng vi også folkehelsetiltak som førebygger og hindrar negative opplevingar, meiner Stene-Larsen. Studiar, mellom anna av Ana Nanette Tibubos og medforfattarar, har tyda på at det er den samla eksponeringa for slike hendingar som betyr mest – ikkje enkelthendingar åleine. 

I ein nederlandsk studie frå 2017 leia av Saskia Mérelle, vart foreldra til ungdomar som hadde tatt livet sitt, intervjua. Foreldra trekte fram fleire risikofaktorar, mellom anna overgrep og mobbing. Mobbinga kunne også skje digitalt. 

– Overgrep er ein kjemperisiko for sjølvmord. Familiar som slit, må fangast opp tidleg, seier Stene-Larsen. 

Koplinga mellom mobbing og sjølvmord er ikkje godt dokumentert, men studiar som den nederlandske tydar på at der er ein samanheng, påpeikar han. I den norske grunnskulen har mobbing auka markant dei siste to åra, ifølgje tal frå Elevundersøkelsen for 2023

Eit uforløyst potensiale i skuleprogram

– Det er for stor variasjon i dei tiltaka som blir gjort på norske skular i dag. Vi må jobbe systematisk, med tiltak som vi veit verkar. Dette kan vi gjere uansett om evidensen for ein sjølvmordsførebyggande effekt ikkje er på plass. Det er vanskeleg å sjå føre seg negative konsekvensar av å stoppe mobbing, seier Stene-Larsen. 

Han meiner at det i dag finst gode program som kan motverke mobbing, men at det er få skular som tilbyr dei. 

– Kanskje brukar enkelte skular dei ein liten periode, og så sluttar dei. 

Sjølv er han involvert i å prøve å få implementert programmet YAM. Dette handlar ikkje direkte om mobbing, men det skal førebyggje suicidale handlingar, depresjon og andre psykiske problem. Programmet er godt dokumentert men blir berre tilbode på eit fåtal norske skular. 

– Dessverre er det store byråkratiske hindringar som gjer det vanskeleg å få etablert YAM som eit nasjonalt tilbod. Klarer vi å få det til likevel, kan potensialet vere stort.  

Referansar

Kopala-Sibley, D. C., Olino, T., Durbin, E., Dyson, M. W., Klein, D.N. (2018). The Stability of Temperament from Early Childhood to Early Adolescence: A Multi–Method, Multi–Informant Examination. European Journal of Personality. European Journal of Personality 32(2). https://doi.org/10.1002/per.2151

Mérelle S, Van Bergen D, Looijmans M, Balt E, Rasing S, van Domburgh L, Nauta, M., Sijperda, O., Mulder, W., Gilissen, R., Franx, G., Creemers, D. & Popma, A. (2020). A multi-method psychological autopsy study on youth suicides in the Netherlands in 2017: Feasibility, main outcomes, and recommendations. PLoS ONE 15(8): e0238031. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0238031

Tang, A., Crawford, H., Morales, S., Degnan, K. A., Pine, D. S. & Fox, N. A. (2020). 
Infant behavioral inhibition predicts personality and social outcomes three decades later. PNAS 117(18), 9800-9807. https://doi.org/10.1073/pnas.1917376117

Tibubos, A.N., Burghardt, J., Klein, E.M., Brähler, E., Jünger, C., Michal, M., Wilting, J., Wild, PS., Münzel, T., Singer, S., Pfeiffer, N & Beutel, M.E. (2021). Frequency of stressful life events and associations with mental health and general subjective health in the general population. J Public Health (Berl.) 29, 1071–1080. https://doi.org/10.1007/s10389-020-01204-3

Utdanningsdirektoratet (29. januar 2024). – Vi må prioritere de tiltakene vi vet gir et godt skolemiljø [Pressemelding]. https://www.udir.no/tall-og-forskning/brukerundersokelser/elevundersokelsen/mobbetallene-fortsetter-a-oke/

 

Saken er hentet fra tidsskriftet Suicidologi som utgis av Nasjonalt senter for selvmordsforskning og-forebygging

 
 

Av Silje Pileberg
Publisert 27. mai 2024 10:08 - Sist endret 10. juni 2024 12:18