Innovasjonsmidlar til 5 prosjekt ved Klinmed

UiO deler ut midlar til innovasjonsprosjekt i tidleg fase. Fem miljø ved Klinmed har fått støtte i denne runden.

Bilde av en som jobber i et laboratorium

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Gjennom satsinga si på innovasjon deler UiO ut fem millionar kroner for at universitetet sine eigne forskarar skal utvikla samfunnsnyttige løysingar og ta kunnskapen sin i bruk.

Fem miljø ved Klinmed har fått 400 000 kroner kvar til innovasjonsprosjekta sine. Midlane skal brukast til vidareutvikling av prosjekta.

– Konkurransen om UiOs innovasjonsmidlar er stadig meir kompetitivt internt på UiO, men Klinmeds forskarar får likevel eit stadig større anslag av desse midlane. Her trur eg me nyt godt av det gode samarbeidet vårt med sjukehusmiljøa, seier Shuo-Wang Qiao, nesteleiar ved Klinmed.

– Me gratulerer miljøa med innovasjonsmidlar og gleder oss til å følgja prosjekta vidare, seier ho.

Emilie S.-M. Kildal - Me gir ei stemme til personar utan språk

Stipendiat Emilie S.-M. Kildal ved K.G. Jebsen-senter for utviklingsforstyrringar undersøkjer i prosjektet sitt om pulsmåling kan brukast for å gi ei stemme til personar utan eintydig språk. Dette kan gjelda personar med alvorlege utviklingsforstyrringar eller personar med erverva hjerneskadar og alvorlege demenstilstandar.

– Menneske utan eintydig språk er like sensitive for smerte som andre. Men det er lett å oversjå teikn på smerte viss dei ikkje kan fortelja at dei har vondt. Dette kan gjera at smertefulle tilstandar blir oppdaga for seint, fortel Kildal.

Med innovasjonsmidlar frå UiO skal forskarane no utvikla ein app. Den blir ein måte å gjera den nyaste forskinga om til eit brukbart og tilgjengeleg verktøy i klinisk praksis.

Appen bruker fysiologiske parametrar i samanheng med situasjonar som blir registrerte av pleiarar og omsorgspersonar. Gjennom automatisk genererte rapportar gir den innsikta i mønster rundt stress og smerte som tidlegare har vore ukjend. 

– Dette er ein milepæl for personar med sterkt avgrensa språk. Denne appen gir dei ei stemme. Det er eit stort steg mot å gi dei den skreddesydde omsorga og merksemda dei fortener, seier Kildal.

– Me er takksame for å få innovasjonsmidlar frå UiO til prosjektet. Det er ei forplikting til å forbetra liva til dei mest sårbare i samfunnet og bidra til ein meir inkluderande og omsorgsfull framtid, legg ho til.

Johanne T. Jacobsen - Skal utvikla antistoff

Førsteamanuensis Johanne T. Jacobsen forskar på cellene som utgjer det adaptive immunsystemet vårt.

– Ein stor del av forskinga vår fokuserer på B-celler og antistoff. Me forskar på korleis desse blir utdanna for å nøytralisera mikroorganismar som forårsakar sjukdom, fortel ho.

Forskarane har nyleg oppdaga ein ny måte å påverka kvaliteten av B-celler på.

– Dette gjer det mogleg å utvikla terapeutiske antistoff mot mål som så langt har unngått immunsystemet. Desse terapeutiske antistoffa vil til dømes kunna nøytralisera både virus og sopp, fortel ho.

– Tildelinga frå UiO vil bli brukt til å utvida produksjonen av antistoff og etablera endå meir robuste reglar for å styra leitinga etter dei beste monoklonale antistoffa, seier ho.

Gunnveig Grødeland - Vil utvikla ein sesongvaksine som vernar breitt

Dagens influensavaksinar klarer ikkje å halda følgje med mutasjonane i variable virus slik som influensa og koronavirus. I prosjektet sitt ønskjer seniorforskar Gunnveig Grødeland og kollegaene hennar å utvikla ein breitt vernande sesongvaksine som kan verna både mot noverande og framtidige variantar av desse virusa.

– Dette gjer me ved å laga ein vaksine som består av fleire virusbitar enn dagens vaksinar. Me kombinerer altså delar av virusa som muterer ofte med delar som endrar seg lite, seier ho.

– Tildelinga av innovasjonsmidlar vil bidra til at me kan undersøkja den vernande effekten av denne vaksinen breitt, og mot fleire ulike virus, legg ho til.

Hilde Loge Nilsen og Deo Prakash Pandey - Ein potensiell terapistrategi for bukspyttkjertelkreft

Bukspyttkjertelkreft er ein dødeleg sjukdom med avgrensa behandlingsalternativ og dårlege overlevingsratar. Ifølgje forskar Hilde Loge Nilsen og forskar Deo Prakash Pandey responderer dessverre pasientar med bukspyttkjertelkreft dårleg på dei fleste kjemoterapialternativ. 

– Me har oppdaga at bukspyttkjertel-kreftceller er avhengige av ei gruppe protein kalla transkripsjonelle cyklinspesifikke kinasar for å overleva. Me har funne ut at medisinar som rettar seg mot desse proteina kan bremsa veksten av bukspyttkjertel-kreftceller utan å påverka andre celler like mykje, fortel Pandey.

Denne oppdaginga gir håp om nye moglegheiter for behandling av bukspyttkjertelkreft. Det overordna målet med prosjektet er å forbetra prognosen og livskvaliteten for pasientar med bukspyttkjertelkreft.

– Desse lovande funna har stort potensiale for utvikling av ny terapi. Med innovasjonsmidlane kan me starta den neste fasen med testing på levande organismar, seier han.

Magnar Bjørås - Vil utvikla syntetiske antimikrobielle peptider som kjempar mot bakteriar

Forskar Magnar Bjørås og kollegaer prøver å møta utfordringa med antibiotikaresistente bakteriar og multiresistente infeksjonar.

– Me har derfor etablert ei tverrfagleg plattform for å utvikla syntetiske antimikrobielle peptider (AMP) som effektivt nedkjempar bakteriar utan å indusera resistens, seier han.

Plattforma har generert lovande AMP-er. 

– Med innovasjonsmidlane frå UiO tek me no sikte på å utforska interaksjonen mellom desse peptidene og blodkomponentar, for å redusera toksisitet og forbetra effekten av AMPene, forklarer Bjørås.

Desse prosjekta ved Klinmed har fått innovasjonsmidlar frå UiO

  • Emilie Kildal "The “Understand me!” app – Giving a voice to those who cannot speak 
  • Gunnveig Grødeland "A seasonal vaccine against influenza and coronaviruses" 
  • Hilde Loge Nilsen og Deo Prakash "Transcriptional cyclin dependent kinases as potential therapeutic targets for pancreatic cancer" 
  • Johanne Jacobsen "EvoMab: germinal center guided affinity optimization of therapeutic antibodies" 
  • Magnar Bjørås "Development of a novel albumin- peptide combination treatment effective against critical resistant bacterial infections"

Veksthuset bistår med innovasjonsideer

– UiO har det siste året styrka arbeidet med innovasjon og innovasjonskultur ved blant anna å etablere innovasjonseininga Veksthuset for verdiskaping. Alle søkarane får no tilbod om oppfølging frå Veksthuset i form av rettleiing som kan hjelpe dei vidare med innovasjonsideen, seier viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset.

Les mer

 

Av Julie Nybakk Kvaal
Publisert 3. nov. 2023 12:20 - Sist endret 7. nov. 2023 09:57