Jan Terje Andersen kåra til Årets innovatør hos Inven2

Andersen får utmerkinga for det enorme engasjementet sitt for innovasjon, for dei mange oppfinningane sine baserte på forsking og for etableringa av selskapet Authera.

Bilde av Jan Terje Andersen med prisen.

– Det er ikkje nødvendigvis ein reel motsetning mellom banebrytande grunnforsking og forskningsdriven innovasjon, sjølv om prosessane kan ha ulike spelereglar. Det er ofte heller slik at langsiktig djuptpløyande studiar er ein føresetnad for idégrunnlaget. Det heile kan då syast saman og gi ein dominoeffekt, sier Jan Terje Andersen. Han er kåra av Inven2 til Årets Innovatør for 2023. Foto: Esben A. Nilssen.

Jan Terje Andersen er professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Oslo og forskar ved Oslo universitetssjukehus. Han er kåra til «Årets Innovatør» av Inven2 for 2023.

Prisen går til ein forskar som har gjort ei særleg oppdaging og innsats for å kommersialisera forsking, og delast ut på Inven2s Innovasjonsdag.

– Det er stor stas å få utmerkinga. Eg ser det som ei anerkjenning for det langsiktige lagarbeidet som ligg bak resultata me har oppnådd. Det er i samspel det store kan skje, og me ser fram til reisa vidare, som heilt sikkert vil by på både moglegheiter og overraskingar, seier Andersen.

Svært mange meldingar om nye innovasjonar

Inven2 trekkjer fram korleis Andersen skil seg ut som verdig prisvinnar med det enorme engasjementet sitt for innovasjon over fleire år. I tillegg er han ein av forskarane som har levert inn flest DOFIer hos dei. DOFI står for Disclosure of Invention og er eit internasjonalt omgrep for oppfinningar basert på forsking, altså melding om nye innovasjonar.

«Andersen har så langt bidrege til 65 innovasjonar, 11 patentfamiliar og 50 industriavtalar, inklusivt produktsal, samarbeidsavtalar og lisensar til patent», står det på Inven2 si nettside.

Sist men ikkje minst grunngir Inven2 prisen med etableringa av selskapet Authera i 2022. Dette etablerte Andersen saman med professor emerita Inger Sandlie og to av dei tidlegare doktorgradsstudentane sine, Simone Mester og Torleif T. Gjølberg.

Langsiktige studiar er ein føresetnad for innovasjonsideene

Andersen sjølv meiner medisinsk innovasjon handlar om å vera open for moglegheitene som finst.

– Det er ikkje nødvendigvis ein reel motsetning mellom banebrytande grunnforsking og forskningsdriven innovasjon, sjølv om prosessane kan ha ulike spelereglar. Det er ofte heller slik at langsiktig djuptpløyande studiar er ein føresetnad for idégrunnlaget. Det heile kan då syast saman og gi ein dominoeffekt, forklarer han.

Dette har alltid vore ei drivkraft for professoren.

– For meg har det alltid vore ein naturleg drivar. Å vera bevist på eigne forskingsfunn, og deretter prøva å omsetja dei, prøva dei ut på andre og gjerne saman med industripartnarar, fortel han.           

Ein rollemodell for unge forskarar

Inven2 trekkjer fram korleis Andersen har vore klar over at forsking skal komma pasientane til nytte gjennom kommersialisering. Dei påpeikar at han er ein rollemodell for unge forskarar, entreprenørar og innovasjon ved både Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus.

Liker å utfordre og bli utfordra

På spørsmål om kva som har gjort at akkurat han har lykkast så godt framhevar Andersen nettverksbygging og nokre eigenskapar det er fint å ha som forskar.

– Eg er kreativ, utolmodig og samarbeidsvillig. Eg liker å utfordre, men også å bli utfordra. Eg liker å samarbeida med studentar, forskarar, klinikarar og industripartnarar som har uvurderleg kunnskap og erfaringar, seier han.

Eit stor globalt nettverk og godt samspill

Professoren fortel at han har lang erfaring med å samhandla med teknologioverføringselskaper og andre selskap, både nasjonalt og internasjonalt.

– Desse samarbeida har gitt meg eit stort globalt nettverk på tvers av sektorar. Saman har me lært og erfart, gjort våre feil og også lykkast med ein god del, seier han.

– Det handlar om å vera bevist. Forstå vegen som skal gåast utan heilt å ha kontroll, men støtte seg på gode lagspelarar. Ein må ha drivkraft og vera villig til å investera tid og ressursar, seier Andersen, og legg til:

– Det hjelper også å vera litt sprø, avsluttar han.

 

Kontakt

Les mer

Emneord: innovasjon, Inven2, Jan Terje Andersen Av Julie Nybakk Kvaal
Publisert 12. juni 2023 11:56 - Sist endret 12. juni 2023 11:56