English version of this page

Ny behandling for høgt blodtrykk skal testast ut

Lise Moltzau og kollegaer har tidlegare identifisert stoff som kan verke positivt inn på blodtrykket. No har dei fått forskingsmidlar frå Novo Nordisk Fonden for å teste ut effekten av eitt av dei i ein ny studie.

Bilde av en lege som måler blodtrykk på en pasient

– Nye legemiddel mot RHT som kan hjelpa desse pasientane vil ha høg sosial og klinisk verdi for fleire millionar menneske på verdsbasis, seier Lise Moltzau. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Høgt blodtrykk, eller hypertensjon på fagspråket, skjer når trykket i blodårene til kroppen er høgare enn det som blir definert som normalt. Det gir risiko for hjerneslag, hjarteinfarkt og nyresjukdom viss det ikkje blir behandla.

Høgt blodtrykk er ein svært vanleg tilstand, som i dag blir behandla med førebyggjande medisinar.

Likevel har nokre personar eit høgt blodtrykk som ikkje lèt seg behandle med dagens medisinar. Resistent hypertensjon (RHT) er høgt blodtrykk der det ikkje blir noka betring etter behandling med minst tre ulike blodtrykkssenkande legemiddel.

Vil teste ut behandlingseffekt

Bildet kan inneholde: klær, hår, erme, øyevipper, halsbånd.
Forskar Lise Moltzau. Foto: Øystein Horgmo, UiO. 

Forskar Lise Moltzau og kollegaer har fått midlar frå Novo Nordisk Fonden til å teste ut effekten av eit mogleg nytt legemiddel mot RHT. Målet er å få ein "proof-of-concept", altså å demonstrere at stoffet kan ha ein behandlingseffekt på høgt blodtrykk.

– RHT rammar svært mange menneske og fører til alvorleg sjukdom og for tidleg død, fortel Moltzau, ved Avdeling for farmakologi ved Institutt for klinisk medisin.

– Nye legemiddel som kan hjelpe desse pasientane vil ha høg sosial og klinisk verdi for fleire millionar menneske på verdsbasis, seier ho.

Vil forsterke kroppens naturlege blodtrykkssenkande mekanisme

Ein viktig mekanisme i kroppen relatert til blodtrykket vårt er det natriuretiske peptid-systemet. Det er ansvarleg for å regulere blodtrykket og væskebalansen vår i kroppen.

Systemet består av nokon bestemde hormon, kjent som natriuretiske peptider. Når hjartet opplever auka trykk, til dømes ved høgt blodtrykk, blir det laga og frigjort slike natriuretiske peptider frå hjartet.

Desse peptidene bidreg til å senke blodtrykket, redusere overflødig væske i kroppen og halde oppe væskebalansen.

Moltzau og kollegaer har som mål å finne stoff som kan forsterke dette systemet.

Vil demonstrere behandlingseffekt i levande modellar

Forskarane har tidlegare identifisert og testa ut mange moglege stoff, mellom 200-300 kandidatar.

– Målet har vore å finne stoff som kan forsterke den blodtrykkssenkande effekten av natriuretiske peptider som allereie finst naturleg i kroppen vår, seier Moltzau.

Dei mange identifiserte stoffa har dei testa i cellemodellar og i vev med gode resultat. Neste steg er å demonstrere at stoffet kan ha ein behandlingseffekt på høgt blodtrykk, i ein levande modell.

– I dette prosjektet ønskjer vi å teste den fremste kandidaten vår i ein rottemodell. Målet er å teste ut om stoffet faktisk kan senke blodtrykket hos rotter, seier ho.

Samarbeidsprosjekt innan farmakologi

Moltzau leier prosjektet, medan forskar Ana Calejo skal gjere dyrestudiane. Med på laget har dei også professorane Finn Olav Levy og Alessandro Cataliotti frå Institutt for klinisk medisin, og dessutan professor Jo Klaveness ved Farmasøytisk institutt og Aina Rengmark frå Inven2.

Forskargruppa har tidlegare fått midlar frå både Forskingsrådet og SPARK Norway til prosjektet.

Les mer

Kontakt

 

Emneord: Hypertensjon, Blodtrykk, Farmakologi Av Julie Nybakk Kvaal
Publisert 24. jan. 2024 15:44 - Sist endret 26. feb. 2024 15:31