Ein fagleg komité utnemnt av Noregs Fulbright Alumniforening har vedteke å tildela professor Ole Andreassen Fulbrights artikkelpris 2024.
Han får prisen for artikkelen ‘The relationship between cannabis use, schizophrenia, and bipolar disorder: a genetically informed study' publisert i Lancet Psychiatry.
– Eg er veldig fornøgd med tildelinga og takkar Fulbright Norway for anerkjenninga.
Det er fleire år sidan eg var på Fulbright opphald i USA, men dei oppdagingane og metodeutviklinga eg gjorde under opphaldet ved University of California la grunnlaget for forskinga som leidde til artikkelen som eg fekk prisen for, seier Andreassen.
Medfødd sårbarheit for cannabisbruk og psykiske lidingar
Saman med mellom anna forskar Weiqiu Cheng og postdoktor Nadine Parker, begge førsteforfattarar på studien, viste Andreassen at det er felles genetiske faktorar som ligg til grunn for sårbarheita vår for både cannabisbruk og dei alvorlege psykiske lidingane schizofreni og bipolar liding.
– Resultata tyder på at ei gruppe i befolkninga har medfødd sårbarheit for både cannabisbruk og psykose lidingar. Dette har mykje å seia då det er ein auka risiko for psykose ved cannabis bruk, og samtidig har pasientar med alvorlege psykiske lidingar auka bruk av cannabis, forklarer Andreassen.
– Difor har resultata betydning både for behandling av psykiske lidingar, og kan bidra i debatten om cannabis i folkehelseperspektiv, held prisvinnaren fram.
Ein omfattande studie utført på eit breitt datagrunnlag
Noregs Fulbright Alumniforening grunngir prisen slik i pressemeldinga si:
«Studien var ei omfattande undersøking av den genetiske assosiasjonen mellom psykotiske lidingar (schizofreni og bipolar liding) og cannabisfenotypar (livstids cannabisbruk og cannabismibruk). Det vart nytta avanserte statistiske genetiske metodar på store heilgenom data.»
«Denne studien er usedvanleg godt utført på eit svært breitt datagrunnlag. Forskinga bidreg med sentral og avgjerande kunnskap om viktig det er å førebyggja for å redusera cannabisbruk hos personar med høg risiko for psykotiske lidingar.»
Fulbrights artikkelpris
Fulbrightprisen blir tildelt årleg for beste fagfellevurderte artikkel av ein Fulbright Alumnus. Andreassen var Fulbright Scholar ved Departments of Psychiatry, Neurosciences and Radiology ved University of California, San Diego i 2011 til 2012.
Vinnar av Fulbrightprisen 2024 vil få eit diplom og 50 000 kroner. Prisen vil tildelast under årets stipendutdeling på Nobelinstituttet i juni.
Instituttet gratulerer
– Instituttet gratulerer igjen Ole Andreassen og forskingsmiljøet hans for eit solid og viktig arbeid. Studien viser overlappande genetisk risiko for både bruk av lettare rusmiddel og disposisjon for alvorlegare psykiske lidingar, publisert i eit topp internasjonalt tidsskrift, seier instituttleiar Dag Kvale.
Les meir
- De samme genene bak både cannabisbruk og alvorlige psykiske lidelser
- Ole Andreassen får Hjernerådets forskningspris for 2024
- NORMENT har flytta forskingsfronten
- Professor Ole Andreassen er den tredje mest publiserte forskeren i Norge
- Ole Andreassen leder Forskningsrådets nye porteføljestyre for helse
- Ny studie avdekker genetisk sammenheng mellom schizofreni og risikofaktorer for hjerte- og karsykdom
- Er det en genetisk sammenheng mellom risikoen for schizofreni og hjernens overflate?
Kontakt
Referanse
Cheng, W., Parker, N., Karadag, N., Koch, E., Hindley, G., Icick, R. et. al. The relationship between cannabis use, schizophrenia, and bipolar disorder: a genetically informed study. The Lancet Psychiatry. Vol 10. 6. DOI: https://doi.org/10.1016/S2215-0366(23)00143-8
Forskinga er finansiert av US National Institutes of Health, Noregs forskingsråd, Helse Sør-Øst RHF, Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen, EUs program Horisont 2020, Marie Skłodowska-Curie Actions og UiO.