Frykta tarmbakterie gjev frå seg hemmelegheiter

Med aukande antibiotikaresistens treng vi ny behandling mot sjukdomsframkallande E. coli. Men då må vi forstå meir om korleis bakterien fungerer.

Bildet kan inneholde: klær, yttertøy, jeans, midje, væpne.

Infeksjonar av sjukdomsframkallande E. coli kan gje magesmerter og diaré. Foto: Pixabay

Escherichia coli, meir kjend som E. coli, er ein viktig tarmbakterie hjå menneske og andre dyr. Han bryt ned sukker, produserer K-vitamin, som er nødvendig for at blod skal koagulera, og finst i slike mengder at døde E. coli-bakteriar utgjer ein tredjedel av avføringa vår.

Men nokre stammer av denne nyttige bakterien er det motsette av nyttige, dei kan vera direkte livsfarlege. Eit utbrot av farleg E. coli i Tyskland i 2011 tok livet av rundt 50 personar, og utbrot skjer jamleg fleire stader i verda. I land med dårlegare utbygd helsesystem enn i Europa kan slike utbrot få alvorlege fylgjer.

E. coli-infeksjonar kan enn så lenge behandlast med antibiotika, men antibiotikaresistens er som kjend ein overhengande risiko. Julia Weikum er blant dei som forskar på moglege alternative angrepsstrategiar. 20. november disputerer ho for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Les mer på Titan.uio.no: Frykta tarmbakterie gjev frå seg hemmelegheiter

Av Torstein Helleve
Publisert 2. nov. 2020 13:43 - Sist endret 2. nov. 2020 13:43