Svake nervar – ein kvinnesjukdom?

På slutten av 1800-talet vart nevrasteni ein populær diagnose. I dag ser vi ofte på tilstanden som ein kvinnesjukdom. Men korleis vart sjukdomen forstått den gong?

gammelt foto av syk kvinne som sitteligger i stolen

Sarah Bernhardt. Foto: Wikimedia Commons

For ganske nøyaktig 150 år sidan kom ein «ny» sjukdom til verda. Då definerte dei amerikanske legane George Miller Beard og Edwin van Deusen kvar for seg ein tilstand dei kalla nevrasteni. På eit meir folkeleg språk vart sjukdommen ofte kalla nervesvekkelse eller nervesvakheit.

Motesjukdom frå ei anna tid

Nevrastenien vart rekna som ein av dei verkeleg store «Nutidssygdomme» i den vestlege verda på slutten av 1800-talet. Sjukdomsbiletet kunne variere mykje frå individ til individ, men utmatting, sømnvanskar, hovudpine, hjartebank, muskelsmerter og mageplager var mellom dei mest vanlege symptoma. I mange tilfelle var tilstanden invalidiserande. Likevel fann legane sjeldan noko objektivt gale ved vanlege kliniske undersøkingar, og sjukdomsmekanismane var langt på veg ukjende.

Kvinnesjukdom?

Diagnosen hadde sin «gullalder» rundt hundreårsskiftet 1900. I vår tid blir den ofte framstilt som ein typisk kvinnesjukdom, til liks med dei samtidige diagnosane hysteri og klorose. Men korleis vart eigentleg tilhøvet mellom kjønn og nevrasteni forstått av legane i samtida?

Ei amerikansk liding

George Beard
George M. Beard. Foto: wikimedia commons

George M. Beard, som oftast blir rekna som nevrastenidiagnosen sin «far», forstod den aukande førekomsten som ein direkte konsekvens av den raske utviklinga og moderniseringa av det amerikanske samfunnet. Dette var i andre halvdelen av 1800-talet, og «Kvinners mentale aktivitet» var i følgje Beard eitt av kjenneteikna på dette nye, moderne samfunnet, som gjorde at det skilde seg frå tidlegare tiders sivilisasjonar.

Likevel var Beard sin opprinnelege versjon av nevrastenien  ein diagnose som i minst like stor grad vart assosiert med menn som med kvinner, og særleg menn som overanstrengde seg med for mykje hjernearbeid.

 

Nevrasteni i Noreg

Fyrste gongen nevrasteni var omtala i eit norsk medisinsk tidsskrift, var det òg som ein tilstand som i fyrste rekkje råka «unge Mænd af dannede Stænder». «Aandelig Overanstrængelse» vart oppgjeve som den hyppigaste årsaka (Norsk Magazin for Lægevidenskaben, 1876). Men det tok ikkje lang tid før legane slo fast at også kvinner kunne bli nevrasteniske.

Tal frå dei største norske sjukehusa i perioden 1890-1930 tyder på at det etter kvart vart flest kvinner som fekk denne diagnosen. Kjønnsfordelinga var likevel ikkje så ujamn som ved t.d. hysteri.

Nevrastenien vart rapportert å vere ein hyppig tilstand også blant «Mandkjønnet», og hovudinntrykket frå diagnosen si stordomstid i Noreg, er at nevrasteni aldri vart forstått som ein rein kvinnesjukdom. Enkelte legar meinte likevel å kunne sjå nokre skilnader mellom kjønna.

Kvifor fekk kvinner sjukdommen nevrasteni?

Gammelt foto av telefonsentral, ca 1850
Ny kvinnerolle i eit nytt moderne samfunn. Foto: Cassel og co, ca 1895.

Mathias S. Greve, overlege og direktør ved Rikshospitalet, var ein av dei som meinte at kvinnene hadde ein særleg disposisjon for å utvikle nervesvakheit. «Sygdommen er mere udbredt blant kvinder end Mænd, og Kvinder er ved sit mere modtagelige Nervesystem og særlige kjønslige Forhold (Svangerskab, Fødsel og Barneopfostring) langt mere udsat end Mænd.» (Veileder i Sundhed og Sygdom, 1904)

Andre legar la meir vekt på ytre omstende enn på medfødde biologiske disposisjonar. Blant desse var fleire distriktslegar, som meinte at overhyppigheit av nevrasteni hjå kvinner skuldast at mange av kvinnene på landsbygda og i kystdistrikta levde langt hardare og meir slitsame liv enn mennene.

Dette gjaldt særleg dei gifte kvinnene, og ikkje minst kvinner i kystdistrikta. Når mennene var på fiske hadde kvinnene «ikke alene Husstellet og Børnene at passe, men ogsaa hele Gaardsstellet». I tillegg kom faktorar som «hyppige Fødsler og altfor langvarig Diegivning» og «fremforalt overhaandtagende Misbrug af Kaffe» (Medisinalberetning frå Vanse distrikt, 1889).

Kva så med mennene?

Ei årsaksforklaring som stort sett var forbeholdt den mannlege nevrastenien, var onani og andre former for «overdrevet Kjønsliv». Misbruk av alkohol og tobakk var også årsaksforklaringar som oftast vart assosierte med mannleg nevrasteni.

Dei fleste årsaksforklaringane som gjekk att i den norske nevrastenidebatten må likevel kunne seiast å ha vore kjønnsnøytrale, med dårleg kosthald, infeksjonssjukdomar, traumatiske opplevingar, overanstrenging og den generelle «Kampen for Tilværelsen» som nokre av dei mest vanlege.

Ein mangfaldig diagnose

Studier av nevrasteniens historie syner at dette var ein diagnose og tilstand som ikkje så lett let seg kategorisere, korkje som kvinne- eller mannssjukdom. Forståinga av kva rolle kjønn eventuelt spela i utviklinga av denne tilstanden kunne variere frå land til land, og også frå lege til lege innad i eit relativt lite land.

Utover 1900-talet gjekk bruken av nevrastenidiagnosen ned, og i dag brukast han sjeldan.

Lær meir

Samfunnsendringer til skade for helsa (Salongen)

Nevrasteni i Norge 1880-1920 (Tidsskrift for den norske legeforening)
 

Abonner på varsling av nye blogginnlegg

Emneord: kvinnehelse, medisinsk historie Av Kristine Lillestøl
Publisert 8. mars 2019 14:16 - Sist endret 12. jan. 2024 11:55
Lege undersøker et barns tunge

Medisinbloggen

En fagblogg fra Det medisinske fakultet, UiO.

Er du forsker hos oss og ønsker å skrive for Medisinbloggen?
Send e-post til medisinbloggen@medisin.uio.no

Ønsker du beskjed når det kommer nye innlegg?
Abonner på oppdatering her