NFR-midlar til antibiotikaforsking

Avdeling for samfunnsmedisin og global helse, v/ prosjektleiar Heidi Fjeld, har nyleg blitt tildelt 12 millionar frå SAMKUL til prosjektet Frå Asia til Afrika: Antibiotikaens vegar over det indiske hav.

Tildelinga er ei etterløyving frå søknadsfristen i 2019. Hovudstyret i Noregs Forskingsrådet (NFR) har auka tildelingane i 2020, ved å innfri fleire av dei støtteverdige søknadane frå fjorårets utlysing.

Frå Asia til Afrika: Antibiotikaens vegar over det indiske hav

Den globale marknaden for antibiotika er i hurtig endring, og stadig meir av produksjon skjer i det globale sør. Dette prosjektet skal følge antibiotikaens vegar frå Kina og India til, og innanfor, Tanzania. Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle teori om farmasøytiske forbindelsar i det globale sør, samt å bidra til ein meir berekraftig og kontekstsensitiv bruk av antibiotika for menneske, dyr og miljøet. 

Profilbilde Heidi Fjeld. Smiler, langt lyst hår, sort genser, murbygning som bakgrunn.
Førsteamanuensis Heidi Fjeld

–  Dette prosjektet kombinerer metodar og teori frå antropologi, historie, medisin og bioingeniørfag, og er eit svar på oppmodinga frå blant andre WHO og The Lancet om å bringe inn perspektiv frå samfunnsvitskap og humaniora til studiar av antibiotikaresistens. Konkret vil prosjektet undersøke straumen av aktive farmasøytiske ingrediensar og generiske antibiotika frå Kina og India, over den historiske handelsruta i Indiahavet. I Tanzania studerer me nasjonale forskrifter og sirkulasjonsmønstre av antibiotika i formelle og uformelle marknader. I den rural Kilimanjaro-regionen vil me undersøke korleis små og store gardar bruker antibiotika til menneske, dyr og i åkrane, fortel førsteamanuensis Heidi Fjeld.

Fjeld sine samarbeidspartnarar i prosjektet er Anne Kveim Lie, Christoph Gradmann, Lise Bjerke, Ruth Prince, Muhammad Zaman (Boston), Unni Gopinathan (FHI), Heidi Østbø Haugen (IKOS), Hipolite Danstan (Tanzania Food and Drug Authority).

Published June 2, 2020 8:48 AM - Last modified June 2, 2020 8:49 AM