Etikkprofessor med forslag til korleis nærme seg nullvisjonen

Enkelte har vore skeptiske til Regjeringas nullvisjon for sjølvmord. Professor foreslår å bryte opp nullvisjonen i meir konkrete delmål som lettare kan imøtekommast.

Bildet kan inneholde: anlegg, flash-fotografering, gren, sollys, mennesker i naturen.


I Regjeringas handlingsplan for førebygging av sjølvmord 2020-2025 blir det skissert ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Visjonen har både blitt ønska velkommen og stilt spørsmål ved.

Professor Reidar Pedersen ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo peikar på fleire etiske problem med nullvisjonen. Han kjem også med forslag til løysingar. 

Ikkje alle ønskjer hjelp

Bildet kan inneholde: panne, smil, kjeve, halsbånd, lykkelig.
Reidar Pedersen er filosof, lege, professor og leder for Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.

– Mange som ønskjer å ta livet sitt, vil ikkje ha hjelp eller er ambivalente. Nokon gonger kan også tvang, veldig tett oppfølging eller andre velmeinte tiltak gjere meir skade enn gagn, meiner han.

Ei anna utfordring er ressursar og tid, ifølgje Pedersen, som heldt innlegg om temaet på 11. nasjonale konferanse for selvmordsforskning og -forebygging. 

– Kanskje må vi gjere stadig større innsats for kvart sparte liv når vi eventuelt nærmar oss null sjølvmord per år. Eller kanskje vil dette bli mindre krevjande når vi nærmar oss null, litt som at smittevern kan krevje mindre kostbare tiltak når førekomsten av infeksjonar er svært lav. Dette veit vi førebels ikkje.

Prioritering og nedprioritering

Det er også eit spørsmål om rettferd, påpeikar han: For kva med andre samfunnsproblem, som sjølvskading, eteforstyrringar og overvekt der dette gjev auka fare for å døy? Kvifor skal vi ikkje få ein nullvisjon for det òg?

– Når ressursar aukast på eitt felt, må noko anna nedprioriterast. 

Andre utfordringar ved nullvisjonen er at sjølvmord kan vere vanskelege å føreseie, og at profesjonelle, pårørande og leiarar i tenestene i større grad kan oppleve at dei har svikta dersom nokon tar livet sitt, ifølgje Pedersen.

– Bryt opp visjonen

Han skisserer nokre måtar utfordringane kan imøtegåast på. Det eine er at ein bør vedkjenne dei dilemmaa og biverknadene nullvisjonen kan føre med seg, meiner han.

– For eksempel bør vi spørje oss korleis vi kan lære av sjølvmord utan å påføre skuld.

Det kan også vere lurt å bryte opp nullvisjonen i meir konkrete delmål som alle er samde om, meiner han.  

– Det finst mange tiltak som kan bidra til meistring, meir omtanke og betre psykisk helse.

Null pårørande blir avviste

Han foreslår for eksempel:

  • Null kommunar utan eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod.
  • Null personar med risikofaktorar for sjølvmord som står utan tilbod om hjelp, støtte og moglegheit til å snakke om sjølvmordstankar.
  • Null pårørande som opplever å bli avviste av tenestene.   

– På denne måten vil vi heilt sikkert betre den psykiske helsa og livsmeistringa til mange, og kanskje vil vi også førebyggje sjølvmord meir effektivt enn om vi fokuserer meir direkte på å redusere talet på sjølvmord.

Nullvisjonens gode intensjonar kan også verkeleggjerast gjennom meir forsking og kompetanse, samt å løfte fram eksisterande hjelpetilbod som fungerer godt i dag, meiner Reidar Pedersen.

Av Silje Pileberg
Publisert 7. juni 2021 22:20 - Sist endret 9. juni 2021 09:16