Først ville ikkje ungdomane snakke med psykologane. Så endra dei meining

Psykolog Terje Bjørnås har ete middag, spelt spel og gått turar saman med ungdomane på Bodø behandlingssenter.

Bodø behandlingssenter. Foto: Bufetat 

Ved to behandlingssenter i Noreg jobbar helsepersonell og barnevern saman for å støtte ungdomar med store vanskar. Det eine senteret er i Lunde ved Kristiansand, det andre er i Bodø.

Begge stader brukast dialektisk åtferdsterapi (DBT) som behandlingsmetode.

Les meir om behandlingstilbodet i Bodø og Lunde i saka – Vi har lykkast med å få ned kriseåtferda til ungdomar

Terje Bjørnås er éin av to fulltidstilsette psykologar i Bodø. Då senteret starta drifta, sette verken han eller den andre psykologen opp samtalar med ungdomar.

– Fleire av ungdomane var klare på at dei ikkje ønska samtalar med psykologar.

Det hadde dei gjort før, fortel han.

Tre av fire tok kontakt

Han valde å vere til stades: Han åt middag med ungdomane, spelte spel med dei og gjekk turar med dei.

– Dei ønskjer å bli kjende med oss og vite kven vi er. Det har dei ikkje moglegheit til på ein poliklinikk. 

Etter ein månads tid hadde tre av fire ungdomar kontakta han eller kollegaen. I ein vanleg poliklinikk i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) kan det fort ta lengre tid før ungdomar har lyst til å prate, ifølgje Bjørnås.

Kan sitje og vente

På Bodø behandlingssenter føregår ikkje samtalen på eit kontor. I staden møter Bjørnås ungdomane éin til éin i ei stove i institusjonen, der døra er lukka med ein beskjed om at samtalar føregår.

Nokre gonger møter ikkje ungdomane opp til avtalt tid. Då er det viktig å vere til stades likevel, meiner Line Kysnes Vennesland, Sørlandet sykehus HFs prosjektansvarlege på Lunde behandlingssenter.

– Både i Lunde og Bodø kan du vere langt meir uthaldande enn på andre institusjonar. Viss ein person ikkje ønskjer samtale ei veke eller to, møter du likevel opp og sit der og ventar. Nokre gonger går dei forbi og ser at psykologen sit der. Då ser dei at vi er trygge og føreseielege, seier Vennesland.

Rett som det er gjer psykologane også små avtalar der personen kan komme innom og seie hei, berre. Ofte kjem dei då i ein lengre prat likevel.

Miljøterapeutane støttar opp

Bildet kan inneholde: himmel, bygning, vindu, anlegg, skygge.
Lunde behandlingssenter. Foto: Bufetat

Psykisk helse handlar ikkje berre om å snakke med ein psykolog ein gong i veka, det handlar også om hjelp til å bruke dei ferdigheitene ein lærer, påpeikar ho.

På behandlingssentra er miljøterapeutar heile tida til stades og kan hjelpe ungdomar å forsterke sunne meistringsstrategiar. 

– Til dømes har mange av ungdomane som bur på desse sentra tidlegare lært seg å kommunisere korleis dei har det gjennom sjølvmordsåtferd. Dette må miljøterapeutane hjelpe ungdomane å endre, samtidig som dei hjelper til med å forsterke andre og sunnare måtar å kommunisere på, seier Vennesland. 

Både Bjørnås og Vennesland har erfart at motivasjonen for å jobbe med seg sjølv svingar blant ungdomane.

– Utfordringa er å stå støtt i det og ikkje svinge med dei. Vi skal vere dei trygge vaksne, seier Vennesland. 

Ser gode resultat

Begge har stor tru på det dei er med på.

– Eg håper det blir utvida til fleire stader i landet. Samarbeidet er unikt, og det er heilt tydeleg til ungdomane sitt beste, meiner Vennesland.

Bjørnås følgjer med på ungdomane lenge etter at dei er ute av institusjonen.

– Det er fint å sjå utviklinga til fleire av ungdomane etterpå. Mange går frå å streve med sjølvmordsåtferd og alvorleg sjølvskading til å kunne stå i vanskelege kjensler og situasjonar og finne eit liv verdt å leve, seier han.

DBT

  • - Dialektisk åtferdsterapi (eng: Dialectical behaviour therapy, DBT) er ein empirisk validert behandlingsmetode for personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
  • - DBT legg til grunn at emosjonell reguleringssvikt er underliggande årsak til dysregulert åtferd.
  • - I terapien kombinerast ei kognitiv-åtferdsorientert tilnærming med valideringsterapi, der pasientens kjensler blir forstått og validerte.
  • Kjelde: NSSF
  • Tilbodet i Bodø og Lunde

  • - Dei to behandlingssentra vart oppretta som pilotar i 2018/2019, på oppdrag for Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Tilbodet kan på sikt bli utvida til alle helseregionar.
  • - Samarbeidande partar er Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), Sørlandet sykehus HF, Nordlandssykehuset og Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).
  • - NSSF utdannar DBT-kandidatar, tar del i implementeringa og utviklar opplæringsmateriell om DBT-OEM for miljøtilsette i Bufetat. 
  • Kjelder: NSSF, Bufetat 
Av Silje Pileberg
Publisert 28. juni 2022 10:27 - Sist endret 28. juni 2022 13:51