– Vi har lykkast godt med å få ned krise-åtferda til ungdomar

I Bodø og Lunde føregår det eit nybrottsarbeid i behandlinga av unge med store psykiske vanskar.

Bildet kan inneholde: himmel, flash fotografering, mennesker i naturen, tre, oransje.

I Bodø i nord og Lunde ved Kristiansand miksast barnevern og helsehjelp på ein måte som aldri før har blitt gjort i Noreg – nesten ikkje internasjonalt, heller.

Bodø behandlingssenter og Lunde behandlingssenter vart etablerte i 2018 og 2019 og husar til ei kvar tid totalt opp til elleve ungdomar mellom 13 og 18 år.

– Områda barnevern og helsevesen har lenge vore som to siloar. Vi har sete på to ulike klodar og forsøkt å hjelpe, men vi har ikkje samarbeida, seier senterleiar Lars Mehlum ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Ved dei såkalla DBT-OEM-institusjonane i Bodø og Lunde bur ungdomane i eit miljø over tid der dei har tilgang på både miljøterapeutar og helsehjelp.

– Alltid nokon å gå til

Olaf Jensen, leiar for Bodø behandlingssenter, seier følgjande om skilnaden på dette tilbodet og poliklinikkar som nyttar dialektisk åtferdsterapi (DBT):

– I poliklinikkar forpliktar du deg til å kome til time kvar veke, medan det i tida mellom timane vil vere nokre korte konsultasjonar på telefon. Når du er hos oss, har miljøet overtatt for telefonkonsultasjonane.

Det er ikkje slik at du opnar døra til rommet ditt for å gå på do om natta og så står det ein psykolog utanfor, forklarer han.

– Men du har alltid nokon du kan gå til for å få hjelp. Vi jobbar saman med ungdomane gjennom faste treff, men vi er også til stades når dei har det vanskeleg, noko som oftast skjer utanfor vanleg kontortid.

Sjølv har han vore med frå starten. I 2018/2019 fanst det allereie mange såkalla OEM-institusjonar i det norske barnevernet. I dag er talet 16, og nokon av institusjonane har fleire avdelingar. Også her er tanken at teoriane frå dialektisk åtferdsterapi (DBT) skal ligge til grunn: Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) byggjer på terapeutiske tilnærmingar frå DBT.

Ulike praksisar, ulike kulturar

Då pilot-institusjonane i Bodø og Lunde vart etablerte, ønska initiativtakarane å teste ut om ein breiare og meir dedikert bruk av DBT ville kunne hjelpe ei sårbar gruppe ungdomar: dei som slit aller mest.

Psykologar, sjukepleiarar og legeressursar kom til. Ungdomane skulle få all hjelpa dei trong på same stad.

Det har ikkje vore knirkefritt.

– Vi skulle få to etatar til å jobbe saman. Desse etatane jobbar under ulike lovverk, har ulike praksisar og ulike kulturar. Dei har også forskjellige journalsystem, seier Jensen.

Ulike journalsystem betydde at informasjon ikkje kunne delast utan vidare. Dette måtte ein finne løysingar på slik at dei som jobba med ungdomane hadde tilstrekkeleg informasjon til å kunne hjelpe.

– Til dømes har vi hyppige faste møte der vi snakkar saman på tvers av etatane, seier Jensen.

Det store sjakktrekket

Torunn Aalvik Grostøl, som leiar Lunde behandlingssenter, meiner at det å kome frå ulike etatar også kan vere ein styrke.

– Når vi jobbar saman, blir vi styrka fagleg sett. For eksempel har vi til ei kvar tid tilsette frå begge etatar til stades, og vi lærer av kvarandre. Saman planlegger, gjennomfører og evaluerer vi alle tiltak, seier ho.

Jensen er samd.

– Nokon av utfordringane kjem ut som suksessar. Nøkkelordet er ei tydeleg leiing. Vi må lage gode strukturar og leggje til rette for god kommunikasjon, seier han.

Rekruttering er også viktig, legg han til.

– Vi må få inn folk som er interesserte i DBT og som bryr seg om målgruppa. Dette handlar om ungdomar med store, komplekse vanskar og mange tiltak bak seg.

Det er éin ting til som dei ser som ei stor hjelp i arbeidet:

– Det at vi alle jobbar etter same fagmodell, er det store sjakktrekket. Då blir det færre diskusjonar om grunnleggjande verdisyn enn det kanskje ville vore elles, seier Jensen.

Å finne ein balanse

DBT er ein godt dokumentert behandlingsmetode for personar med kronisk sucidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Lars Mehlum ved NSSF meiner at det er mange grunnar til at denne metoden passar målgruppa i Lunde og Bodø.  

– Desse ungdomane, og også foreldra, vil ofte oppleve at situasjonen blir polarisert. Foreldra blir anten altfor strenge, med urimelege kontrolltiltak, eller dei pendlar over i den motsette polen og blir altfor ettergivande og slappe, seier Mehlum.

Dialektikken, som er del av DBT, kan hjelpe familiane til å finne ein balanse, eit møte mellom ytterpunkta, forklarer han.

Dette kan for eksempel innebere å slutte å bruke ekstreme uttrykk som «du skal alltid vere så vanskeleg», men heller uttrykke forståing for korleis den andre har det og at ein forsøker å hjelpe.

Også den biososiale teorien DBT byggjer på, er i tråd med desse ungdomane sine behov, forklarer han.

– Vi reknar med at ein del menneske er fødde meir sensitive overfor miljøet sitt; at dei reagerer raskare og sterkare enn andre. Då treng dei gjerne meir hjelp enn andre til å handtere kjenslene sine. Ofte treng foreldra deira hjelp, òg.

Gjennom DBT får ungdomane, og nokre gonger foreldra, verktøy som kan hjelpe dei å regulere kjensler, handtere krisesituasjonar og forstå kva som skjer i liva deira.

Første evaluering var negativ

Foreldre er som regel ikkje direkte med i behandlinga som skjer i sentra i Bodø og Lunde, men dei er delaktige i den grad det er mogleg og blir følgde opp av ein familieansvarleg.

Lars Mehlum trur at potensialet i det som skjer i Bodø og Lunde er stort.

– Men vi jobbar med ei gruppe ungdomar der mykje kan gå gale. Det er vi merksame på, seier han.

Ei evaluering gjort av SINTEF i 2020 var ikkje spesielt positiv. Forskar Line Melby og kollegaer ville ikkje tilrå oppretting av fleire institusjonar etter same modell. Dei meinte heller ikkje at DBT var ein tilrådeleg metode, ut frå det erfaringsgrunnlaget som fanst då.

Blant ankepunkta var at dei tilsette verka meir positive enn ungdomane og at behandlingsfokuset gjekk ut over kva ungdomane sjølve opplevde å ha behov for. Ungdomane må lyttast til i større grad, meinte Melby og kollegaene.

– Vi må vere audmjuke

Håvard Johansen, seniorrådgjevar i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) i Region Nord, har vore engasjert i dei to sentra sidan starten. Han meiner at evalueringa vart gjort svært tidleg.

– Det vi har forsøkt å gjere, er å lære oss å danse swing samtidig som vi skal delta i ein swing-konkurranse. Det tar litt tid å få til ting slik at det faktisk ser ut som ein dans, der vi ikkje trør kvarandre på tærne. Samtidig har både politikarar og etatar lurt på om dette funkar, om vi skal satse vidare, seier han.

Det har kome ein god del kritikk undervegs i prosessen, påpeikar han. Men det har ikkje berre vore negativt.

– Det har gjort oss meir skjerpa.

Bildet kan inneholde: smil, skulder, kjeve, flash fotografering, erme.
Håvard Johansen meiner at dei tilsette i Bodø og Lunde gjer ein viktig jobb. – Dei har stått på i ein pågåande storm. Trass at det tidvis har kome negative tilbakemeldingar, har dei funne pågangsmot til å halde fram med å jobbe for å gje ungdomane eit godt tilbod, seier han. Foto: Silje Pileberg

Johansen meiner at dei tilsette ved behandlingssentra i Bodø og Lunde har tatt til seg tilbakemeldingane.

– Dette tenkjer eg vil vere viktig i tida framover også: å vere audmjuk og villig til å endre på ting som ikkje fungerer. Vi må halde fram med å evaluere. Ser vi over tid at dette ikkje hjelper ungdomane, er det heilt på sin plass å avslutte det.

Eit fleirtal kjenner seg tryggare

NTNU Samfunnsforskning har fått i oppdrag å gjere ei ny evaluering av dei to behandlingssentra. Datainnsamlinga starta april 2022.

Også ungdomane på institusjonane gjer vurderingar. Dei leverer jamleg graderte svar på spørsmål som: Tar dei del i planlegginga av sin eigen kvardag? Har dei eit godt forhold til nokon av dei tilsette? Trur dei det vil gå godt med dei framover?

Ifølgje tilbakemeldingane, kjenner eit fleirtal seg tryggare etter ei tid, dei får meir hjelp og knyt seg til enkelte vaksne. Ungdomane finn også nye ferdigheiter dei kan ta i bruk, som fungerer og ikkje er skadelege.

Har fått ned krise-åtferda

Målet med behandlinga er ikkje at ungdomane skal bli kvitt alle plagene sine i løpet av den tida dei er på institusjonen. Det er urealistisk, meiner Håvard Johansen.

– Men kanskje er dei i stand til å ta imot mindre intensiv behandling og starte på jobben med å få det betre. Det at du treng hjelp vidare, betyr ikkje at du ikkje har eit liv som er verdt å leve, seier han. 

Tal frå begge institusjonar viser at talet på akuttinnleggingar går dramatisk ned hos ungdomane etter at dei kjem inn til behandling.

– Desse ungdomane er vanskelege å hjelpe fordi dei har erfart at den hjelpa som har blitt prøvd før, ikkje har virka. Dei har fleire akuttinnleggingar, legevaktbesøk og politiutrykkingar bak seg. Vi har lykkast godt med å få ned krise-åtferda til ungdomane, seier Johansen. 

Bildet kan inneholde: smil, sosial gruppe, samfunnet, briller, begivenhet.
På fagsamling i mai samarbeida NSSF og Bufetats spisskompetansemiljø (SKM) om undervisinga av tilsette i Bodø og Lunde. Frå venstre Håvard Johansen (SKM), Ina Bekkevold-Jernberg, Angelica Drucker og Marte Sæter (alle frå NSSF) og Kristin Espenes (SKM). Foto: Maria Fjørtoft

Populært tilbod

Han påpeikar at dei to institusjonane har blitt ettertrakta. Både i barnevernet og helseføretaka er mange som ønskjer å tilvise ungdomar dit. Men langt ifrå alle får plass. Dei som takast inn må både ha eit ønske om det og eit tydeleg behov.

– Det er nok mange unge som treng samtidig helsehjelp frå barnevern og psykisk helsevern. Men det er ikkje like mange som har behov for det svært spesialiserte tilbodet som Bodø og Lunde kan gje, seier Johansen og legg til:  

– Desse einingane skal vere for dei som har det mest vanskeleg og som i liten grad kan nyttiggjere seg av eit tilbod kombinert av til dømes barnevern og poliklinisk behandling.

Han trur likevel at erfaringane frå Bodø og Lunde kan opne for samarbeid om andre tiltak seinare.

– Når fagfolk og behandlarar blir kjende på tvers av etatar og institusjonar, blir det lettare å ta kontakt om andre ting, òg.

Les også: Først ville ikkje ungdomane snakke med psykologane. Så endra dei meining.

Skriftleg kjelde

Line Melbu m.fl: Nytt institusjonstilbud for unge med samtidig behov for omsorg og psykisk helsehjelp SLUTTRAPPORT. SINTEF Akademisk forlag 2020


DBT

  • - Dialektisk åtferdsterapi (eng: Dialectical behaviour therapy, DBT) er ein empirisk validert behandlingsmetode for personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
  • - DBT legg til grunn at emosjonell reguleringssvikt er underliggande årsak til dysregulert åtferd.
  • - I terapien kombinerast ei kognitiv-åtferdsorientert tilnærming med valideringsterapi, der pasientens kjensler blir forstått og validerte.
  • Kjelde: NSSF
  • Tilbodet i Bodø og Lunde

  • - Dei to behandlingssentra vart oppretta som pilotar i 2018/2019, på oppdrag for Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Tilbodet kan på sikt bli utvida til alle helseregionar.
  • - Samarbeidande partar er Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), Sørlandet sykehus HF, Nordlandssykehuset og Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).
  • - NSSF utdannar DBT-kandidatar, tar del i implementeringa og utviklar opplæringsmateriell om DBT-OEM for miljøtilsette i Bufetat. 
  • Kjelder: NSSF, Bufetat
Av Silje Pileberg
Publisert 28. juni 2022 13:46 - Sist endret 29. juni 2022 13:43